Hyderabad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hyderabad (fleirtyding).
Hyderabad
none  Utsyn over Hyderabad frå Golconda-festningen
Utsyn over Hyderabad frå Golconda-festningen
Land Flag of India.svg India
Region Telangana
Areal 650 km²
Folketal 6 809 970
Grunnlagd 1592
Wikimedia Commons: Hyderabad, India

Hyderabad er ein by i delstaten Telangana i India. Byen er felles hovudstad for delstatane Telangana og Andhra Pradesh. Hyderabad ligg sentralt på Deccan-høgsletta, ved elva Musi.

Hyderabad hadde 6 809 970 innbyggjarar i 2011 og er sentrum for det sjette største urbane tettområdet i India. Reknar ein med storbyområdet har byen 7 749 334 innbyggjarar. 40 % av innbyggjarane i sjølve er muslimar.[1] Muslimane talar for det meste urdu, ikkje telugu, som er hovudspråket i Andhra Pradesh.

Byen er sentrum for kultur og eit samferdselsknutepunkt. Hyderabad har mange moskear og slott, ein zoologisk hage og fleire museum. Industrien i byen omfattar produksjon av tekstil, tobakksvarar, glas, papir og sukker.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hyderabad blei grunnlagd i 1589 av Muhammad Quli Qutb Shah (regjerte 1565–1611) som hovudstad i sultanatet Golconda. Eigenleg er Hyderabad ein tvillingby, med Secunderabad, i nord, som dotterby. Frå 1763 var byen hovudstad i staten Hyderabad under Asaf Jah-dynastiet. Han var eit viktig sentrum for indisk muslimsk kultur.

I 1947 nekta staten Hyderabad å slutta seg til India. Nizamen (herskaren) av Hyderabad, Osman Ali Khan (1886–1967), som motsette seg India, støtta seg til hæren sin og til dei dårleg væpna razakarane (den militære fløyen til det muslimske Ittihad-partiet). Razakarane terroriserte folkesetnaden på landsbygda, men utgjorde ikkje noka stor utfordring for dei indiske regjeringsstyrkane. I september 1948 var Hyderabad besett av indiske troppar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Hyderabad har ein internasjonal flyplass, Rajiv Gandhi International Airport, som ligg sørvest for sentrum.

Byen har regionalt jernbanesmband frå fleire stasjonar; den største og viktigaste er Secunderabad jernbanestasjon, som også er hovudkvarter for den sør-sentrale sona til Indian Railways. Stasjonen er også knutepunkt for bussar og bybanen mellom Secunderabad og Hyderabad. Andre større jernbanestasjonar er Hyderabad Deccan, Kachiguda, Begumpet, Malkajgiri og Lingampally.[2]

Andre former for offentleg transport i byen er autorickshaw[3] og sykkelrickshaw.[4]

I 2012 var det 3,5 millionar køyretøy på vegane i byen. 74 % av dei var to-hjulingar, 15 % privatbilar, 3 % trehjulingar (rickshawar) og 8 % bussar, varetransport og taxiar.[5] Det store talet på køyretøy og det relativt korte vegnettet har ført til at trafikkorkar er utbreidde.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hyderabad