Hydrostatisk vekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hydrostatisk vekt er ei toarma vekt som blir til brukt å måle oppdrifta av lekamar som er søkkt ned i ei væske. Gjenstanden som skal undersøkjast, blir hengt i ein tråd under den eine vektskåla. Gjenstanden blir vege når han hengjer i lufta og når han hengjer i eit kar med vatn som blir stilt under vektskåla. Skilnaden i dei to vektene er oppdrifta til gjenstanden. Av desse målingane kan ein finne volumet til lekamen og tettleiken. Metoden kan òg brukast til å avgjere tettleiken til væsker. Ein veg då ein gjenstand når han hengjer i luft og i vatn og når han hengjer i den væska som skal undersøkjast. Av dei målte oppdriftene finn ein tettleiken til væska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

hydrostatisk vekt. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/hydrostatisk_vekt