Hydrotermal sirkulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geysiren StrokkurIsland

Hydrotermal sirkulasjon er namnet på ein geologisk prosess der varmt vatn sirkulerer i sprekkar og gangar i berggrunnen. Ordet hydrotermal kjem frå gresk, der hydros tyder vatn og thermos tyder varme. Hydrotermal aktivitet er vanleg ved vulkansk aktivitet, men kan òg finnast andre stader som ved metamorfose. Geysirar og såkalla «skorsteinar» (black smokers) som ein finn på havbotnen og som spyr ut varmt vatn, får krafta si frå hydrotermal aktivitet.

Utfelling av mineral i hydrotermale gangar[endre | endre wikiteksten]

Trådsølv frå Kongsberg
Ein såkalla «black smoker», eit hydrotermalt utløp ved den midtatlantiske ryggen

Vatnet i desse systema inneheld oppløyste mineral og kan variere frå å vere lunke til å halde ein temperatur på fleire hundre grader. Frå desse løysingane vert det utfelt mineral. Både trykk, kjemi og varme regulerer denne prosessen. Mange malmar og industrimineral er danna under slike tilhøve. Til og med sølvførekomstaneKongsberg er danna ved hydrotermal aktivitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]