Hyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hyen
Geografi
Kommune Gloppen
Fylke Sogn og Fjordane
Annan informasjon
Ferdselsårer 615
Postnummer 6829 HYEN
Preposisjon i Hyen
Kart
Hyen is located in Sogn og Fjordane
61°44′25″N 5°55′3″EKoordinatar: 61°44′25″N 5°55′3″E

Hyen er ei bygd som ligg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane fylke. Innbyggjartalet er ca. 600. Hyen sentrum ligg inst i Hyefjorden, ein sidearm til Nordjord. Busetnaden er i hovudsak spreidd på desse dalføra: Austredalen, Vestredalen og Hyen sentrum. Bygda har vegsamband til kommunesenteret Sandane i aust, til Florø i vest og til Førde i sør.

Hovudnæringa i Hyen er jordbruk, men det ver og drive med fiskeoppdrett og industri. Den største bedrifta er Brødrene Aa. Dette selskapet utviklar og produserer produkt i armert plast. Subsea vernedeksel, togfrontar og snøggbåtar er typiske produkt som vert levert av Brødrene Aa. Selskapet har røter tilbake til 1947.

Det har vore lansert ein teori om at den kjende oppdagaren, Kristoffer Columbus kom frå Hyen, men dette har aldri blitt stadfesta.