Hyen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyen kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Hyen
Fellesråd Gloppen
Type Langkyrkje
Arkitekt Karl Uchermann[1]
Material Tre
Innvigd 14. juni 1876[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300[1]
Kart
Hyen kyrkje
61°44′22″N 5°55′06″E / 61.7394°N 5.9183°E / 61.7394; 5.9183
Wikimedia Commons: Hyen kirke

Hyen kyrkje står i bygda Hyen i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1876. Ho er ført opp etter teikningar laga av kunstmålaren Karl Uchermann, som var son til soknepresten i Gloppen.

Kyrkja er soknekyrkje i Hyen sokn i Nordfjord prosti. Soknet vart skild ut frå Vereide sokn i 1881.

Den noverande kyrkja er den andre kjende i Hyen. Den fyrste kjenner ein til frå 1200-talet, men ho verkar ha gått or bruk i tida etter Svartedauden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]