Hylte kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hylte kommun
Hylte vapen.svg
Kommunevåpenet til Hylte kommun
Len Hallands län
Landskap Halland og Småland
Centralort Hyltebruk
Areal 1 052 km²
 – Landareal 951 km²
 – Vassareal 101 km²
Folketal 10 371
Folketettleik 9,8/km²
Kommunenummer 1315
Nettside www.hylte.se
Kart
Hylte Municipality in Halland County.png

Hylte kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor Hallands län til Falkenbergs kommun og Halmstads kommun. Vidare grensar han til Gislaveds kommun i Jönköpings län i nord og Ljungby kommun i Kronobergs län i aust og sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Hyltebruk.

Kommunen har eit sterkt kupert landskap med mange mellomliggjande innsjøar og myrområde. Han er ein industrikommune med mange småføretak, og har mykje verkstad- og treforedlingsindustri. Vidare er det stor produksjon av avispapir i Hylte kommun.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste kommunen med namnet Hylte var ein storkommune som vart oppretta ved kommunereforma i 1952 gjennom samanslåing av dei tidlegare kommunane Femsjö, Färgaryd og Långaryd i Jönköpings län. Samtidig vart på same måten Unnaryd oppretta i Jönköpings län gjennom samanslåing av Bolmsö, Jälluntofta og Södra Unnaryd. I Hallands län vart også Torups landskommun oppretta gjennom samanslåing av dei tidlegare kommunane Drängsered, Kinnared og Torup.

I 1974 vart deretter den noverande kommunen til, gjennom samanslåing av Hylte, Torup og Unnaryd (utanom Bolmsö församling), samt ein del av Lidhults församling frå Ljungby kommun i Kronobergs län. Den nyoppretta kommunen vart lagd i Hallands län.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Skjold med bølgjer delt i gull, med eit oppstikkande raudt vasshjul, og blått, med to bjelkar av gull.[1]

Kommunen oppstod i den noverande forma si i 1974, men det drygde fram til 1987 før eit kommunevåpen kunne verte registrert i Patent- och registreringsverket. Ingen av dei tidlegare einingane i området hadde hatt våpen. Bølgjene er frå elva Nissan, bjelkane er trestokkar (frå skogbruket) og vasshjulet symboliserer industrien.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er seks tettstader i Hylte kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Hyltebruk 3 742
2. Torup 1 239
3. Unnaryd 760
4. Rydöbruk 385
5. Landeryd 372
6. Kinnared 297

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sköld av en vågskura delad i guld, vari ett uppskjutande rött vattenhjul, och blått, vari två bjälkar av guld».