Kaskadeand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hymenolaimus)
Kaskadeand
Kaskadeand Foto: Andrew McMillan
Kaskadeand
Foto: Andrew McMillan
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Tadorninae
Slekt: Hymenolaimus
Art: Kaskadeand H. malacorhynchos
Vitskapleg namn
Hymenolaimus malacorhynchos

Kaskadeand (Hymenolaimus malacorhynchos), og kjent som blåand,[1] er ei mellomstor and og einaste arten i Hymenolaimus-slekta. Ho er endemisk for New Zealand og sjeldan, ho lever i små fragmenterte, spreidde habitat på Nordøya og Sørøya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kaskadeender er blågråe i fjørdrakta med lyseraudt nebb. Nebbet har små, svarte klaffar på spissen. Vaksne fuglar har raude flekkar på brystet. Kroppslengda er ca. 53 centimeter og hannfuglar veg ca. 900 gram, hoer ca. 750 gram.

Føretrekte habitat er straumfulle elvar. Dei vil halde på same territorium i elva over fleire år. Føda er akvatiske, virvellause dyr, for det meste larver.

Reiret ligg i ein hol trestamme eller i tett vegetasjon nær elva. Egglegging skjer ofte frå slutten av oktober til desember. Kullet er typisk på 6 egg som hoa rugar i ca. 30–35 dagar. Ungane er lyst, dunkledde ved klekking og straks i stand til å symje og å dukke. Dei er flygedyktige etter ca. 10 veker.

Populasjonen er estimert til 2 000 til 3 000 individ (2010) og er minkande.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar
  1. «kaskadeand» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet: Hymenolaimus malacorhynchos. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]