Hypatia av Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisse av Hypatia av Alexandria
Hypatia (1885) måla av Charles William Mitchell.

Hypatia av Alexandria (gresk språk Υπατία) (cirka 370415) var ein populær hellenistisk kvinneleg filosof, matematikar og lærar som levde i Alexandria i Egypt, og som bidrog mykje til det intellektuelle fellesskapet i byen. Fleire verk blir tilskrivne henne av seinare kjelder, desse omfattar kommentarar til Arithmetica av Diophantus, Conics av Apollonius og verka til Ptolemeus, men ingen av desse kommentarane har overlevd. Brev skrivne til henne av eleven hennar Synesius gir ein idé om hennar intellektuelle miljø. Ho var av den platonske skulen. Det er hevda at Hypatia var med og fann opp astroloben og hydrometeret.

Hypatia var dotter av Theon, som også var læraren hennar og tilknytta Museet i Alexandria, som låg attmed eller omfatta Biblioteket i Alexandria. Hypatia underviste ikkje i museet, men tok mot elevar i sin eigen heim. Ho vart leiar for platonistskulen i Alexandria cirka år 400. Ho underviste i matematikk og filosofi.

I 391 hadde den dåverande kristne patriarken i Alexandria, Theofilus, øydelagt nokre heidenske tempel i byen, og desse øydeleggingane kan ha vedrørt Biblioteket. Same året hadde keisar Theodosius I kome med eit forbod mot ymse sider ved heidendomen, og kristne over heile Romarriket starta ein stor kampanje for å øydeleggje eller kristne heidenske heilagdomar.

Hypatia var ikkje kristen, altså heidning, og ho vart til slutt pint i hel av ein kristen mobb. I kor stor grad den kristne patriarken Cyril stod attom drapet er det usemje om.

Hypatia kan ha vore den første «heksa» som vart drepen under dei kristne hekseforfølgingane. Måten ho vart pint i hel på, med at kjøtet vart skrapa av beina på kroppen hennar, synest å høve med straffa for hekseri slått fast av den kristne keisaren Konstantin II.

Patriarken Cyril vart elles kanonisert (heilaggjord) etter han døydde. Biblioteket i Alexandria vart brent heilt ned og fullstendig øydelagt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hypatia av Alexandria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den engelskspråklege wikipediaen [2]