Hyperkomplekst tal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit hyperkomplekst tal er eit omgrep for eit element i eit hyperkomplekst system, som òg vert kalla ein algebra. Det er eit algebraisk system med basiselement u1, u2, ..., un slik at kvart element i dette systemet kan skrivast (eintydig) på forma x = α1u1 + α2u2 + ... + αnun. Koeffisientane α2, α2, ..., αn kan vere reelle eller komplekse tal, eller meir generelt høyre til ein vilkårleg kropp.

Prosjektet med å katalogisere tala byrja i 1872 då Benjamin Peirce først publiserte Linear Associative Algebra, og vart fortsett av sonen hans Charles Sanders Peirce. Av viktige oppdagingar dei gjorde var å identifisere nullpotensen og idempotenten som nyttige hyperkomplekse tal for klassifiseringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]