Hyperreelt tal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit hyperreelt tal er eit omgrep som høyrer til eit område av matematikken kalla ikkje-standard analyse, og som vart grunnlagt av logikaren Abraham Robinson med boka Non-standard Analysis i 1960. Omgrepet hyperreelle tal representerer ei vidare utviding av talomgrepet ut over dei reelle tala, og kan mellom anna sjåast på som ei presisering av den opphavlege og heuristiske bruken til Leibniz av infinitesimal i differensial- og integralrekninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]