Hyposenter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyposenter (frå gresk«hypo» = under, derunder), også kalt fokus, er det punktet i jorda der eit jordskjelv oppstår. Hyposenteret er direkte under episenteret på en dybde kalt fokusdjupna.
Det nøyaktige punktet kan finnast ved analyse av jordskjelvbølgjene som vert registrerte på seismiske stasjonar på jordoverflata. Ofte unndrar jordskjelv seg ei slik nøyaktig bestemming fordi dei ikkje let seg fiksera til eit enkelt punkt, det kan vera ein samanhengande og samtidig forskyving langs ei bruddlinje. Da peilar ein seg gjerne fram til et middelpunkt langs linja.
Punktet kor ei bombe eller ein meteoritt eksploderer i lufta, under jordoverflata eller på havoverflata blir av og til kalt hyposenter, noko som språkleg sett er feil ordbruk. [manglar kjelde]