Hypping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hypping av potetåker

Hypping er det å leggja jord i haugar ved røtene og dei nedste stengeldelane til dyrka plantar. Dette kan ein til dømes gjera for å verna dei mot vêr og vind eller skjerma dei for lys.[1] Ein kan hyppa for hand med hakke eller grev, eller med traktorreiskapar.

Ein hyppar ofte poteter. Dette verner knollane mot lys, som elles kan føra til at dei dannar dei uønskte stoffa solanin, som er giftig, og klorofyll, som gjev dei grønfarge. Hyppinga gjev betre luftveksling i rotsona, grev ned ugras og verner dei mot smitte frå tørråte, ettersom sporene frå denne soppen kan vaskast ned frå blada.[1] Ein rekner også med at hyppinga fører til større avling.

Ein kan også hyppa purre. Det gjer at ein får ein større plantedel som er kvit, mørare og mildare på smak.[2]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet hyppe har kome inn i norsk frå mellomnedertysk[1] eller plattysk[3], der 'hupen' tyder ‘hauge opp’, jf. ‘hope opp’.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Hypping». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 8. august 2018. 
  2. «Purre». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 8. august 2018. 
  3. «hyppe» i Nynorskordboka.