Hywind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hywind er verdas første fullskala flytande vindmølle - eller havmølle - og førebels også den einaste. Ho er utvikla av Statoil og er eit pilotprosjekt innan havmølleteknologi. Havmølla vart opna 9. september 2009 og er plassert på 200 meters djupn 10 kilometer vest av Karmøy. Ho skal testast ut over ein to-års periode.

Hywind veg 5300 tonn, 2300 av desse er ballastsand i botn av skaftet. Ho er festa til botnen med tre anker. Konstruksjonen stikk 100 meter ned i sjøen, medan den delen som er over sjøen måler 65 meter. Dei tre rotorblada dannar ein sirkel som måler 80 meter i diameter.

Til no har havmølla produsert over ein million kilowatt-timar, nok til å forsyna 50 norske husstandar i eitt år.

Statoil investerer rundt 400 millionar kroner til å byggja og vidareutvikla piloten. Prosjektet har fått nær 60 millionar kroner i støtte frå Enova, eit norsk statsforetak som skal stimulera til auka bruk av fornybar energi.

Den flytande vindturbinen kan plasserast i havområde med djupner på mellom 120 og 700 meter. Det er stor internasjonal interesse for den norske havmølleteknologien, mellom anna i Kina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]