I'll Feel a Whole Lot Better

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'll Feel a Whole Lot Better
av The Byrds
frå albumet Mr. Tambourine Man
A-side

«All I Really Want to Do»

Språk engelsk
Utgjeve 14. juni 1965
Innspelt 14. april 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Folkrock, pop
Lengd 2:32
Selskap Columbia
Komponist Gene Clark
Tekstforfattar Gene Clark
Låtskrivar(ar) Gene Clark
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
«Mr. Tambourine Man»
(1965)
I'll Feel a Whole Lot Better «Turn! Turn! Turn!»
(1965)


«I'll Feel a Whole Lot Better» er ein song av det amerikanske folkrockbandet The Byrds som først vart gjeve ut i juni 1965 som B-sida til den andre singelen deira, «All I Really Want to Do».[1] Han var òg med på debutalbumet deira, Mr. Tambourine Man.[1] Songen er skriven av Gene Clark, som òg song solovokal på songen, medan Jim McGuinn spelar ein skranglande 12-strengs Rickenbacker-gitar, som var eit tidleg varemerke for the Byrds. I tillegg slår Clark på tamburin, medan McGuinn, Clark og David Crosby syng harmonivokal. Songen hadde ein country-aktig gitarsolo.[2][3][4]

Sjølv om han vart gjeven ut som B-side, vart «I'll Feel a Whole Lot Better» kraftig marknadsført av Columbia Records medan «All I Really Want to Do» låg på listene.[2] Som følgje av dette nådde denne songen sjølv 103. plassen på lista.[2] Songen har etter kvart vorte ein rockestandard, og inspirert til mange coverversjonar opp gjennom åra. Han vert òg rekna som ein av dei bandet sine, og Clark sine, beste og mest populære songar. Rolling Stone rangerte songen på 237. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5][6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tom Petty spelte songen i 1989 på soloalbumet sitt, Full Moon Fever.[3] Det israelske bandet Hazvuvim spelte songen på debutalbumet deira, Bzzz..., omsett til hebraisk.[treng kjelde]

I 1978 spelte countrysongaren Bobby Bare inn songen på albumet Sleeper Wherever I Fall.[7] The Flamin' Groovies spelte òg inn songen i 1978 på Flamin' Groovies Now.[8] Paisley Underground-bandet The Three O'Clock spelte songen på deira Baroque Hoedown. Visstnok skal Gene Clark syngje korvokal på denne versjonen av songen.[9]

Den argentinske rockemusikaren Charly García spelte songen i 1990 på albumet Filosofía Barata y Zapatos de Goma. Songen vart kalla «Me Siento Mucho Mejor» og teksten var omsett til spansk.[10]

Countrypopartisten Juice Newton spelte songen i 1985 på Old Flame, med tittelen «Feel a Whole Lot Better».[11]

Johnny Rivers spelte songen i 1973 på albumet Blue Suede Shoes.[12][13]

Dinosaur Jr. spelte ein grunge-versjon på hyllestalbumet til Byrds, Time Between – A Tribute to The Byrds.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 543–545. ISBN 0-9529540-1-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 82–84. ISBN 0-9529540-1-X. 
  3. 3,0 3,1 «I'll Feel a Whole Lot Better review». Allmusic. Henta 19. mars 2015. 
  4. «Mr. Tambourine Man». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 19. mars 2015. 
  5. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 65. ISBN 0-87930-793-5. 
  6. «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 19. mars 2015. 
  7. «Sleeper Wherever I Fall review». Allmusic. Henta 19. mars 2015. 
  8. «Flamin' Groovies Now review». Allmusic. Henta 19. mars 2015. 
  9. «Gene Clark-related records». Byrds Flyght. Arkivert frå originalen 20. mars 2015. Henta 19. mars 2015. 
  10. «Filosofía Barata y Zapatos de Goma review». Allmusic. Henta 19. mars 2015. 
  11. «Old Flame review». Allmusic. Henta 19. mars 2015. 
  12. «Johnny Rivers Diskografi: 1970 - Present». Johnny Rivers - Official Website. Henta 19. mars 2015. 
  13. «Secret Agent Man review». Pandora Internet Radio. Henta 19. mars 2015. 
  14. «Time Between - A Tribute to The Byrds review». Allmusic. Henta 28. april 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]