I'll Go Crazy av James Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'll Go Crazy
Singel av James Brown og The Famous Flames
B-side

I Know It's True (I Found Someone)

Utgjeve 1960
Sjanger Rock 'n' roll, R&B, blues
Lengd 2:10
Selskap Federal
12369
Låtskrivar(ar) James Brown
James Brown og The Famous Flames-kronologi 
«Got to Cry»
(1959)
I'll Go Crazy «Think»
(1960)


«I'll Go Crazy» er ein rhythm and blues-song frå 1960 av James Brown and The Famous Flames.[1] Han nådde 15. plass på R&B-lista til Billboard. Han vart framført av gruppa som den første songen på det særs populære konsertalbumet Live at the Apollo. Songen vert kanskje best hugsa for teksten i mellomspelet:

«You gotta live...
For yourself...
For yourself..and nobody else!»

«I'll Go Crazy» har vorte spelt inn av mange andre artistar, som The Rolling Stones, The Residents, The Moody Blues, The Buckinghams, Chris Isaak, Jerry Garcia og David Grisman, Buddy Guy, The Nighthawks, The Blues Magoos, Tommy Quickly, Graham Bonnet, The Honeycombs på konsert i Tokyo, og Clarence Clemons. Han vart framført av Dan Aykroyd i hyllesta skodespelaren hadde til Brown då han vart innlemma i Kennedy Center Honors i 2003.

Songen vart nytta på Late Show With David Letterman som kjenningsmelodien for «Who Said It?»-innslaget.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

James Brown and The Famous Flames: Bobby Byrd, Bobby Bennett, Lloyd Stallworth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]