I’m a Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå I'm a Boy)
I'm a Boy
Singel av The Who
B-side

In the City

Språk engelsk
Utgjeve 26. august 1966 (Storbritannia)
Innspelt 31. juli - 1. august 1966
Studio IBC Studios in London, UK
Sjanger Rock
Lengd 2:34
Selskap Reaction 591004 (Storbritannia)
Decca (USA)
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
The Who-kronologi 
«The Kids Are Alright»
(1966)
I'm a Boy «La-La-La-Lies»
(1966)


«I’m a Boy» er ein song skriven av Pete Townshend for bandet hans The Who i 1966. Songen skulle opphavleg vere ein del av rockeoperaen Quads, som var sett til ei framtid der foreldre kunne velje kjønn på ungane sine. Ideen vart seinare forkasta, men denne songen overlevde og vart seinare gjeven ut som singel.

Familien i soga bad om fire jenter, men fekk i staden tre jenter og ein gut. Songen omhandlar sorga guten føler på grunn av feilen. Songen vert ofte rekna som ein tidleg forgjengar til dei episke rockeoperaene til Townshend, seinare i karrieren til The Who, særleg Tommy. Denne songen vart produsert av Kit Lambert i IBC Studios rundt 31. juli og 1. august 1966 og gjeven ut berre tre veker seinare, 26. august 1966 med «In the City» som B-side. Singelen vart ein suksess og nådde andreplassen på den britiske singellista. Han nådde ikkje lista i USA.

Ein treigare utgåve av songen vart spelt inn i London i byrjinga av oktober 1966 og var meint for ei tidleg utgåve av A Quick One.

Songen vart spelt av The Who på konsertalbumet Live at Leeds.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]