IÎles Galindez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 65°15′S 64°15′W
IÎles Galindez
øy
none  Vernadskyj forskingsbase på IÎles Galindez
Vernadskyj forskingsbase på IÎles Galindez
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 65°15′S 64°15′W
Lengd 0,8 km
IÎles Galindez is located in Antarktis
IÎles Galindez (Antarktis)

IÎles Galindez er ei øy som ligg like aust for Winter Island i Argentine Islands i Wilhelm Archipelago. Ho vart oppdaga av Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, under Jean-Baptiste Charcot, som namngav ho etter kommandør Ismael F. Galíndez frå Den argentinske marinen, som sendte avstad «Uruguay» for å leite etter Charcot, då ein trudde at ekspedisjonen hadde forlist i 1905. Øya vart kartlagd på ny av British Graham Land Expedition (BGLE) under John Riddoch Rymill, 1934–37.[1][2]

BGLE-hytta på Winter Island forsvann under mystiske omstende (kanskje på grunn av ein tsunami) i 1946. Ei ny hytte vart sett opp 7. januar 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), og vart offisielt kjend som Base F (Wordie-hytta etter James Wordie). Denne vart erstatta 30. mai 1954 av ei større hytte på den nærliggande IÎles Galindez (Kroningshytta etter kroninga av dronning Elizabeth II av Storbritannia i 1953) og var eit viktig observatorium i Det internasjonale geofysiske året 1957/58. FIDS vart omorganisert og kalla British Antarctic Survey (BAS) tidleg i 1960-åra. Etter 30 år med kontinuerleg forsking vart Base F ombygd av BAS i 1980, før ho vart fråreist og gjeve til Ukraina den 6. februar1996 som kalla basen Vernadskyj forskingsbase.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «IÎles Galindez» (innhald frå Geographic Names Information System).