I'm Afraid of Americans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I'm Afraid of Americans
Singel av David Bowie
frå albumet Earthling
Utgjeve 14. oktober 1997
Innspelt Looking Glass Studio, New York City, US
Sjanger Industriell rock
Lengd 4:12-11:18
Selskap Virgin - 8 38618 2
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno
Produsent David Bowie, Nine Inch Nails, Photek (spor 5)
David Bowie-kronologi
«Pallas Athena» Tao Jones Index
(1997)
I'm Afraid of Americans «I Can't Read»
(1997)

«I'm Afraid of Americans» er ein song og ein singel av David Bowie frå albumet Earthling frå 1997. Songen er skriven av Bowie i lag med Brian Eno, og vart opphavleg gjeven ut som ein del av filmmusikken til filmen Showgirls og vart så spelt inn på ny for Earthling.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bowie skildra kjenslene bak songen:

Han er ikkje verkeleg fiendtleg innstilt mot amerikanarar som til dømes «Born in the U.S.A.»: han er berre spotsk. Eg var på tur til Java då dei fekk dei første McDonald's-restaurantane der, og det var liksom «men kva i hel...». Invasjonen av alle homogeniserte kulturar er så deprimerande, det same når ein byggjer eit nytt Disney World i til dømes Umbria i Italia. Det kveler den innfødde kulturen og gjer livsuttrykka færre.[1]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«I'm Afraid of Americans» vart opphavleg gjeven ut som ein grov miks på filmmusikken til Showgirls (der refrenget var «I'm afraid of the animals» i staden for «I'm afraid of Americans») før han vart spelt inn på ny for Earthling. Denne versjon og to av remiksane til Nine Inch Nails vart gjevne ut på bonusplata som følgde Earthling i 2004. Songen er sampla for ein remiks av Company Flow sin «Patriotism» når El-P framfører han.

Songen vart gjeven ut på singel i USA. Singelen inneheldt ikkje albumversjonen av songen men i staden remiksar av Nine Inch Nails og drum and bass-artisten Photek. (V1)-miksen vart meir populær enn originalversjonen, hovudsakleg på grunn av musikkvideoen. Den utgåva vart derfor gjeven ut på samleplata Best of Bowie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD/vinyl
Virgin / 8 38618 2 (US)
  1. I'm Afraid of Americans (V1) – 5:31
  2. I'm Afraid of Americans (V2) – 5:51
  3. I'm Afraid of Americans (V3) – 6:18
  4. I'm Afraid of Americans (V4) – 5:25
  5. I'm Afraid of Americans (V5) – 5:38
  6. I'm Afraid of Americans (V6) – 11:18
CD promo
Virgin / DPRO-12749 (US)
  1. "I'm Afraid of Americans" (V1 Edit) – 4:30
  2. "I'm Afraid of Americans" (Original Edit) – 4:12
  3. "I'm Afraid of Americans" (V3) – 6:06
  4. "I'm Afraid of Americans" (V1 Clean Edit) – 4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Sonic Youth spelte songen i lag med Bowie på konserten for 50-årsdagen hans i New York City i januar 1997. Ein versjon spelt ved GQ Awards, New York City, den 15. oktober 1997, vart gjeven ut på LiveAndWell.com i 2000. Ein annan versjon spelt inn ved BBC Radio Theatre, London, den 27. juni 2000, vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000. Ein versjon framført i Dublin i Irland vart gjeven ut på DVDen A Reality Tour i 2003.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske technobandet Q spelte songen i 2003 for samleplata Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie. Denne versjonen finst òg på Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007). Det amerikanske metal-bandet Fashion Bomb spelte òg inn songen for .2 Contamination: A Tribute to David Bowie.

Det sveitsiske bandet MIZAN spelte «I'm Afraid of Americans» for det andre albumet sitt, AVRASYA. Nine Inch Nails spelte songen på under turneen sin i 2009.

We Are The World spelte songen for hyllestalbumet We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «''Earthling'' press release». Teenagewildlife.com. 1999-06-25. http://www.teenagewildlife.com/Reviews/Albums/E/PressRelease.html. Henta 28. sep. 2011.