I'm So Glad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I'm So Glad
Song av Cream
frå albumet Fresh Cream
Utgjeve 9. desember 1966
Innspelt Juli til oktober 1966 i Rayrik Studios i London, Ryemuse Studios i London
Sjanger Bluesrock, hardrock
Lengd 3:57
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Skip James
Produsent Robert Stigwood
Preludium: Happiness/I'm So Glad
Song av Deep Purple
frå albumet Shades of Deep Purple
Utgjeve midtvegs i 1968
Innspelt 11. mai til 13. mai 1968
Pye Studios i London
Sjanger Bluesrock, progressiv rock, hardrock
Lengd 7:19
Selskap Parlophone (UK)
Tetragrammaton (US)
Låtskrivar(ar) Skip James
Produsent Derek Lawrence

«I'm So Glad» er ein song opphavleg spelt inn av Skip James tidleg i 1930-åra. Songen er basert på ein song frå 1927 av Art Sizemore og George A. Little kalla «So Tired». Han vart sidan spelt inn av Cream på debutalbumet deira Fresh Cream, og seinare eit konsertopptak på det siste albumet deira Goodbye.

Deep Purple-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«I'm So Glad» vart òg spelt inn av Deep Purple i 1968 for debutalbumet deira Shades of Deep Purple. Sjølve Skip James-songen startar etter ein medley av utdrag frå instrumentale arrangement av Rimsky-Korsakov sin klassiske Scheherezade. Denne medleyen er kalla «Preludium: Happiness» og strekkjer songen ut til over sju minutt.

Bandet valte å spele inn songen etter at vokalist Rod Evans og trommeslagar Ian Paice hadde anbefalt han. Evans og Paice hadde tidelgare spelt i eit anna band i lag, The Maze. The Maze hadde òg spelt «I'm So Glad»,, som både Evans og Paice meinte hadde potensiale som ein Deep Purple-song.

Deep Purple støtta Cream på avskjedsturneen deira i oktober 1968 der Cream gjorde opptak av Goodbye-versjonen. Deep Purple spelte inn konsertalbumet sitt Inglewood - Live in California same kveld. Dette er det einaste konsertopptaket av den første besetninga til Deep Purple. Albumet vart lagt på hylla av selskapet i 1968, men vart til slutt gjeven ut i 2002, etter 34 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]