I'm Still Standing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I'm Still Standing
Singel av Elton John
frå albumet Too Low for Zero
B-side «Love So Cold» (US)

«Earn While You Learn» (UK)

Utgjeve 3. juli 1983
Innspelt 1982
Sjanger Glamrock, New Wave
Lengd 3:03
Selskap Geffen (US); Rocket (UK)
Låtskrivar(ar) Elton John (musikk), Bernie Taupin (tekst)
Produsent Chris Thomas
Elton John-kronologi
«I Guess That's Why They Call It the Blues»
(1983)
I'm Still Standing «Kiss the Bride»
(1983)

«I'm Still Standing» er ein song av den engelske musikaren Elton John på albumet Too Low for Zero frå 1983. Han syng om å gjere eit comeback trass i problem i dagleglivet. Videoen var regissert av Russell Mulcahy og filma i Cannes og Nice i Frankrike.

Somme kommentatorar merka likskapar mellom denne songen og David Bowie sin hit «Modern Love», som kom ut omtrent samstundes. Begge har sagt at songane vart spelte inn om lag samstundes utan at dei visste om kvarandre.

Songen vart ein stor hit for John på begge sider av Atlanteren og nådde 4. plass i Storbritannia, førsteplassen i Sveits og 12. plass i USA.

Martha Wash spelte seinare inn songen for filmmusikken til The First Wives Club.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]