I'm in the Mood for Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«I'm In The Mood For Love» er ein popsong. Musikken var skriven av Jimmy McHugh og teksten av Dorothy Fields. Songen vart publisert i 1935. Han vart introdusert av Frances Langford i filmen Every Night at Eight i 1935. Songen vart òg framført i 1936 i filmen The Pinch Singer, sungen av Carl «Alfalfa» Switzer; og vert ofte rekna som signaturlåten hans. Saksofonsoloen til James Moody frå 1952 på denne songen inspirerte til songen «Moody's Mood for Love». Hip hop-artist Prince Paul sampla songen som grunnlag for songen «Mood for Love» på albumet A Prince Among Thieves (1999), der Don Newkirk syng den originale teksten.[1]

Innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]