IBM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
IMB's logo
IBM 5150 med tastatur og grønn monokrom skjerm. Køyrer MS-DOS 5.0
IBM Thinkpad R51.

International Business Machines, forkorta til IBM, er eit internasjonalt lutlag frå USA. IBM vart skipa i 1889 i New York, og vart eit lutlag i 1911.

IBM er éi av dei største og eldste teknologiverksemda i verda med over 380 000 tilsetje og ei omsetjing på $98 milliardar (2007).

På grunn av den blå logoen og storleiken, vert IBM kalla store blå (Big Blue på engelsk).

Innhaldsliste

[endre] Historie

IBMs historie byrja fleire tiår før utviklinga av datamaskinen – før den tid produserte ein hólkortmaskinar. Opprinneleg heitte verksamheiten Computing Tabulating Recording Corporation (CTR), som vart oppretta som eit aksjeselskap 15. juni 1911 i Binghamton, New York. Denne verksamheiten var ein fusjon mellom Tabulating Machine Corporation, Computing Scale Corporation og International Time Recording Company. Direktøren for Tabulating Machine Corporation var den gong Herman Hollerith. Thomas J. Watson Sr., som grunnla IBM, vart direktør for CTR i 1914 og administrerande direktør i 1915. 14. februar 1924 endra CTR navn til International Business Machines Corporation (IBM).

Verksamheitane som vart fusjonert under CTR-navnet, framstilte eit bredt utvalg produkt, blant anna tidsstyringssystem, vekter, automatiske kjøttskjerarar og, viktigst av alt for utviklinga av datamaskinen, hólkortutstyr. Etter kvart fokuserte CTR utelukkande på hólkortutstyr, og innstilte sine øvrige aktivitetar.

[endre] Omstillinga på 1990-talet

Etter å ha vært leiande i årtier, snubla IBM inn i 1990-talet. Kvalitetsforskjellen overfor konkurrentenes produkt vart redusert, og selskapets høgare prisar lot seg vanskeleg forsvara. Frå 1991 til 1993 registrerte IBM tap på US$ 16 milliardar. Aksjemarkedet pressa selskapet til å kvitta seg med underverksamheiter, og børsverdien raste nedover.

Den 1. april 1993 vart Louis V. Gerstner, Jr. administrerande direktør i IBM. Han solgte hovudkvarteret i New York, og gjennomførte ein kritisk studie av heile organisasjonen. IBM var for ukritisk til kva som vart utvikla og solgt, og kulturen var for innadskuande. Gerstner endra fokus radikalt ved å setja kundane og deira behov i fokus. Gerstner endra IBM totalt frå å vera ei produktfokusert bedrift, til å verta kunde- og løysningsorientert. Mot slutten av 1990-talet byrja IBM igjen å levera gode resultat.

Gerstner innførte bonusordningar som baserte seg på det heilhetlege resultatet av organisasjonen. Tidlegere hadde ordningane kun tatt utgangspunkt i kvarleis den enkelte avdeling gjorde det, heilt uavhengig av total resultat. På den måten vart kulturen under Gerstner meir samla om eit heilhetleg IBM. Kulturen i IBM vart no basert på å levera det kunden vil ha.

[endre] Diverse fakta

Sjølv om IBM ikkje oppfant PCen, vart deira arkitektur, som er blitt kopiert frå deira opprinnelege 1981-design (som var avhengig av tredjepartskomponentar), industristandarden innan dataverda. Microsoft og Intel vart monopol-leverandørar av henholdsvis operativsystemer og prosessorar, to av nøkkelkomponentane i desse datamaskinane.

19. januar 1993 offentleggjorde IBM eit underskot på 4,97 milliardar dollar i 1992, noko som den gongen var det største underskotet i nokon amerikansk bedrift nokonsinne.

IBMs logo vart designa av Paul Rand.

Louis V. Gerstner, Jr. var styreformann og administrerande direktør for IBM frå 1. april 1993 til 29. januar 2002, då Samuel J. Palmisano vart valgt som ny administrerande direktør.

IBM-overtakalsar i dei seinare år:

Sjå og: Liste over IBM-produkter.

[endre] Eksterne lenkjer


.