IJsselmeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
IJsselmeer
IJsselmeer - Landsatbilete
Landsatbilete
Koordinatar 52°49′N 5°15′EKoordinatar: 52°49′N 5°15′E
Tilsig IJssel
Tilknytte land Nederland
Overflateareal 1 100 km²

IJsselmeer er ein grunn innsjø på 1100 km² sentralt i Nederland på grensa mellom provinsane Flevoland, Noord-Holland og Friesland. Han har eit gjennomsnittleg djup på 5-6 meter og er kalla opp etter elva IJssel som munnar ut i innsjøen via den mindre innsjøen Ketelmeer. IJsselmeer er den største innsjøen i Vest-Europa.

IJsselmeer oppstod i 1932 då bukta Zuiderzee vart lukka av den 32 km lange diket (demninga) Afsluitdijk. Dette var ein del av det store Zuiderzeeprosjektet som fleire år seinare førte til at IJsselmeer krympa inn.

Tradisjonell båt på IJsselmeer

I 1975 vart IJsselmeer vidare delt i to då Houtribdijk, i dag kalla Markerwaarddijk, vart bygd frå Enkhuizen og søraust til Lelystad. Denne tidlegare sørlege delen av IJsselmeer er i dag ein eigen innsjø som heiter Markermeer.

IJsselmeer er eit stort ferskvassreservat og gjev vatn til både jordbruk og drikkevatn. Det vert òg gjort mange fritidsaktivitetar på innsjøen.

Provinsen Flevoland vart oppretta i 1986 frå polderane i dei tørrlagte delane av IJsselmeer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: IJsselmeer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]