IKA Finnmark IKS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

IKA Finnmark IKS er eit interkommunalt arkiv for kommunar i Finnmark. Det har som føremål å hjelpa medlemmene med å sikra dokumentasjon av saksbehandling i kommunane.[1] Arkivet skal mellom anna gje råd om arkivdanning, arkivrutiner og arkivplanar gjennom opplæring og rettleiing.

IKA Finnmark er arkivdepot for medlemmane sine papirbaserte og elektroniske arkiv og tek imot private arkiv. Alle kommunar og fylkeskommunen i Finnmark har medlemsrett i IKA Finnmark IKS.

Kartlegging[endre | endre wikiteksten]

IKA Finnmark kartlegg arkivsituasjonen i medlemskommunane. Dei ser på arkivjenesten og korleis han er organisert, arkivrutinane i kommunen og arkivlokala deira. Dei ser på kommunen si arkivforvalting i høve til krav og pålegg gjeve av Arkivloven med forskrifter. Vitjinga til kommunen vil danna grunnlag for ein rapport der IKA Finnmark kjem med råd og forslag til tiltak.

Råd og rettleiing i arkivspørsmål[endre | endre wikiteksten]

IKA Finnmark er tilgjengeleg for arkivpersonalet og IT-konsulent i kommunene dersom dei har spørsmål som gjeld arkivarbeid, til dømes i samband med omorganiseringar, sentralisering av arkivet, overgang til nye arkivsystem, innføring av nye arkivsystem, periodisering og liknande. Dei kan formidla kva løysingar andre har valt og innhenta informasjon også frå andre interkommunale arkiv dersom dei ikkje kan svara på ståande fot. Dei kan også delta i prosjektgrupper som ressurspersonar dersom kommunen ønsker det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hjem - Interkommunalt Arkiv Finnmark», www.ikaf.no, henta 2. desember 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]