IKEA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IKEA


IKEA i Älmhult i Sverige, stedet der IKEA i 1953 stilte ut møbler for første gang. Sjå dette på Wikidata
Org.formBesloten vennootschap met beperkte aansprakelijkheid
BransjeIndustriell produksjon, formgjeving, detaljhandel
Skipa28. juli 1943
HovudkontorDelft
LandNederland
ProduktFlatpakkede møbler, madrass, kvitvare, møbel, kjøkenreiskap, interiørdekorasjon, linens, Sofa
Grunnleggjar(ar)Ingvar Kamprad
Salsinntekter2 246 000 000 euro (2023)[1]
Omsetnad2 246 000 000 euro (2023)[1]
Resultat1 639 000 000 euro (2023)[1]
Nettstadhttps://www.ikea.com (fleire språk)

IKEA er ein verdsomspennande møbelvarehuskjede. Per vinteren 2004 var det 202 store IKEA-butikkar i 32 ulike land. Dei fleste ligg i Europa, mens resten er plassert i USA, Canada, Asia og Australia. IKEA-katalogen, som inneheld om lag 12 000 IKEA-produkt, vert trykt opp i hundre millionar eksemplar årleg på mange språk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

IKEA-butikk i Regensburg.
Land med IKEA-butikkar i verda: ██ Land med butikkar ██ Land der butikkar er planlagde ██ Land som tidlegare har hatt butikkar ██ Ingen noverande eller planlagde butikkar

Selskapet er opphavleg svensk og stifta av Ingvar Kamprad då han var 17 år i 1943. Namnet IKEA er eit akronym:

  • I = Ingvar
  • K = Kamprad
  • E = Elmtaryd (garden der Kamprad vart fødd)
  • A = Agunnaryd (bygda der Elmtaryd, eller Älmtaryd, låg)

I byrjinga selde IKEA pennar, lommebøker, rammer, klokker, smykke og nylonstrømper – praktisk talt alt som Kamprad følte det var behov for, og som han kunne selje til redusert pris. Det fyrste møbelet vart introdusert i produktporteføljen i 1947 og i 1955 byrja dei å formgje sine eigne møblar.

Kamprad selde til å byrje med møblar frå heimen sin og via post. Men etter kvart vart den fyrste butikken opna i nærleiken av byen Älmhult. Dette var òg staden der det fyrste IKEA-varehuset kom, og som skulle bli ein modell for dei andre IKEA-varehusa som blei opna. Det fyrste varehuset utanfor Sverige kom på Nesbru i Asker kommune, vest for Oslo, i 1963. Dette varehuset var lite og låg i leigde lokale, før det vart opna eit stort nytt varehus på Slependen i den same kommunen, ikkje langt frå Nesbru. På denne tomta har IKEA framleis eit varehus. IKEA har no fleire varehus i Noreg.

IKEA-møblar[endre | endre wikiteksten]

Møblane til IKEA-kjeda er kjend for å vere enkle, men stilige. Dei er utforma av kjende formgjevarar, og kvar type har namn, slik som Billy.

Kjeda sel møblane som flate pakkar, som kundane må ta heim og sette saman sjølve. Dette sparer for møbelkjeda for mykje plass under transport og lagring, men gjer òg at kundane kan ta med seg det dei har kjøpt i sine eigne bilar eller på bussane som IKEA gjerne tilbyr gratis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: IKEA