Idrottslaget Hødd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå IL Hødd)
Gå til: navigering, søk
IL Hødd
Fullt namn Idrottslaget Hødd
Kallenamn Hødd
Grunnlagd 1. august 1919
Heimebane Høddvoll stadion
(kapasitet: 6 000)
Styreleiar Bård Dalen
Hovudtrenar Lars Arne Nilsen
Liga Adeccoligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Idrottslaget Hødd er eit idrettslag frå UlsteinvikSunnmøre. Laget vart stifta 1. august 1919, og er mest kjend for fotballaget som var i eliteserien for menn i 1966, 1969–1972 og 1995. Klubben spelar denne sesongen i Adeccoligaen. Noverande hovudtrenar er Sindre Eid.

Hødd vart i 2012 noregsmeistrar etter at dei vann over Tromsø i straffesparkkonkurranse.

Fotballpersonlegdomar som Åge Hareide og Jan Åge Fjørtoft har bakgrunn frå Hødd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hødd rykte opp til toppserien for første gong i 1965 etter å ha vunne serien føre storlag som Brann og Rosenborg. Det vart nedrykk året etter, men Hødd kjempa seg tilbake til toppserien i 1968. Denne gongen klarte klubben å halde seg oppe på målskilnaden. Tida rundt 1970 vart stordomstida for Hødd med storspelarar som Kjetil Hasund og Otto Sundgot. Hødd rykte ned att i 1972.

Etter fleire sesongar i 1. divisjon, med ein visitt i Tippeligaen 1995 (3. sist), rykte klubben ned til 2. divisjon i 2006. Etter ein katastrofal vårsesong og trenarskifte, fekk Hødd ein god haust og sanka ein del poeng. Men det heldt ikkje til å berge plassen. Erik Brakstad sa opp som trenar etter sesongen.

Etter 2006-sesongen tilsette dei årets tippeligatrenar i 2002, Sture Fladmark, som ny hovudtrenar. Klubben satsa hardt på å nå målet om opprykk i 2007-sesongen. Klubben reduserte ikkje budsjettet nemneverdig, men styrkte spelarstallen og tilsette hovudtrenararen på fulltid. 20. oktober 2007, i nest siste serierunde, vart det klart at Hødd skulle spele i 1. divisjon i 2008. Hødd er per dags dato det laget som har spelt flest sesongar i Adeccoligaen.

Hødd vart cupmeister i 2012 etter å ha slått Tromsø på straffer i Cupfinalen i fotball for herrar 2012.

Eliteserielag: 1966, 1969–72 og 1995.

Kjende Hødd-spelarar[endre | endre wikiteksten]

Adelskalender[endre | endre wikiteksten]

Namn Kampar Mål
1 André Nevstad 682 91
2 Otto Sundgot 668 183
3 Kjetil Hasund 646 460
4 Hallbjørn Hasund 458 133
5 Sindre Eid 440 18
6 Audun Wingsternes 421 12
7 Tor Meinseth 406 30
8 Per Dimmen 402 21
9 Jan Arild Roppen 401 159
10 John Åge Sundal 378 60

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Adeccoligaen 2014