iOS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IOS

Utviklar(ar)Apple Inc.
Nyaste versjon17.4 (5. mars 2024)[1]
PlattformiPod Touch, Apple TV, HomePod, Apple Watch
Skrevet iC, C++, Objective-C, Swift, Java
Bygger påmacOS, Darwin
SkrivebordsmiljøCocoa Touch
OppdateringsmetodeApp Store
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://www.apple.com/ios/

iOS (tidlegare iPhone OS) er eit mobiloperativsystem utvikla og distribuert av Apple Inc. Operativsystemet vart opphavleg avduka i 2007 for iPhone, men har vorte utvida til å støtte annan maskinvare frå Apple, slik som iPod Touch, iPad, iPad mini og andre generasjon Apple TV. Til skilnad frå Windows Phone frå Microsoft og Android frå Google, lisensierer ikkje Apple iOS for installasjon på maskinvare som ikkje er utvikla av Apple. App Store på iOS har i august 2013 eit utval på over 900 000 applikasjonar, der 375 000 av desse er optimerte for iPad.[2] Desse applikasjonane har samla vorte lasta ned meir enn 50 milliardar gonger.[3] iOS var installert på 21 % av alle smarttelefonar som vart selde i fjerde kvartal 2012, der det låg bak Android frå Google.[4] Ifølgje ein presentasjon av Apple 12. september 2012 var over 400 millionar einingar med iOS selde i juni 2012.[5]

Brukargrensesnittet i iOS er basert på konseptet med direkte manipulering, der ein bruker gestar med å røre på skjermen for å navigere. Ein kommuniserer med operativsystemet med rørsler som stryking, trykking og klyping, som alle har eigne funksjonar avhengige av konteksten av iOS. Innebygde akselerometrar er brukt av nokre applikasjonar for å respondere til risting eller rotering av eininga.

iOS er basert på OS X, og er ein mobil variant av operativsystemet som er brukt på datamaskinar laga av Apple.

Nye versjonar av iOS kjem ut årleg. Den noverande utgåva, iOS 11, kom ut i september 2017.

Arkitekturen til iOS har fire abstrakshonsnovå: kjernen, tenestelaget, medialaget og brukargrensesnittlaget. iOS 6.1.4 set av ein systempartisjon på 1 — 1,5 GB i Flash-minne. Av dette nyttar operativsystemet rundt 800 MB.

Programvare[endre | endre wikiteksten]

Det finst rundt 650.000 brukarprogram for iOS (april 2010), men all programvaren må kjøpast gjennom iOS App Store. At Apple monopol på sal og distribusjon er ikkje like populært hjå alle brukarane og somme har teke til å hakka seg forbi sperrene, slik at dei kan lasta ned brukarprogram som andre har skrive og lagt ut[6]. Apple er med i Prism-programmet til NSA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.