IPCop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IPCop

Nyaste versjon2.1.9 (23. februar 2015)[1]
LisensGNU General Public License
Nettstadhttp://www.ipcop.org

IPCop er ein Linux-distribusjon konfigurert for å fungera som brannmur. IPCop køyrer på ein vanleg PC og vert konfigurert over nettet via eit vevgrensesnitt. Brannmurfunskjonaliteen i IPCop byggjer på Netfilter, som er innebygd i Linux-kjernen.

Nettgrensesnitt[endre | endre wikiteksten]

IPCop har fleire (fargekoda) grensesnitt mot ulike nettsegment.

Farge Tyding
Raud Internett, som vender ut mot den usikre Internett-verda. Ein bør opna berre dei portane som vert ruta til tenarar på det oransje nettsegmentet.
Grøn Lokalnett, som er eit «trygt» nett der ein plasserer arbeidsstasjonar, NAS, skrivarar osb.
Oransje DMZ. Dette segmentet er mynta på tenarmaskinar som må vera tilgjengelege frå Internet, som til dømes vevtenarar, SMTP-tenarar, osb. Ein opnar då berre dei portane som er naudsynte, som TCP-port 80 for HTTP, TCP-port 25 for SMTP, osb.
Blå Trådlaust nett. Dette gjer det muleg med separat kontroll av tilgangen til eit trådlaust nettverk. Men under føresetnad om at det trådlause nettet har sterk kryptering kan òg den trådlause basisstasjonen koplast direkte til eit lokalnett (grønn sone).

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

IPCop vert administrert via Ethernet på grøn sone, via eit passordverna vevgrensesnitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Download» (på engelsk). Arkivert frå originalen 5. mai 2016. Henta 6. mai 2016. 


Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.