iPod
iPod er ein berbar digital lydavspelar frå Apple som gjerne blir brukt til å spela musikk. Ein iPod kan spele filformata MP3, WAV, AAC, AIFF, Audible og Apple Lossless. Nokre spelarar kan òg brukast som berbar harddisk. Ipodar er lette å kjenna igjen på grunn av den kvite fargen og det særmerka hjulet midt på, som blir brukt til å styra avspelinga. Eit anna trekk som gjorde iPoden spesiell er den raske datautvekslinga han kan ha — opp til 400 Mbit/sekund. Nyare versjonar har òg funksjonar som kalender, addressebok og enkle spel som gjer at dei liknar lommedatamaskinar.
Den første iPoden kunne lagra 5 gigabyte, noko som ifølge Apple-direktøren tilsvarte om lag «1000 songar i lommen».[1] Seinare versjonar fekk minne på 10 og deretter opptil 40 GB.
Ulike iPodar [endre]
| Bilete | Namn | Beskriving | Meir info (ekstern lenke) |
|---|---|---|---|
| iPod classic | iPod classic er den fyrste iPoden Apple lanserte, og den er no kome til 6. generasjon og har opptil 160 GB lagringskapasitet. iPod classic brukar ein 1,8" stor harddisk som lagringseining. | [1] | |
| iPod nano | iPod nano er en ganske populær MP3-spelar laga av Apple. Lagringsmetoden til iPod Nano er flash-basert. Siste versjonen liknar litt iPod touch, pga. den trykkfølsomme skjermen. | [2] | |
| iPod shuffle | iPod shuffle er den minste av iPod-modellane til Apple, og har ingen skjerm. Ein kan enten spele songane sine i tilfeldig rekkjefølgje, eller i rekkjefølgja spelelista er sett opp i på førehand. | [3] | |
| iPod touch | iPod touch vart påverka av iPhone-designet og funksjonaliteten. iPod touch blir levert i tre utgåver, med minne på 8, 32 og 64 GB | [4] |
Fotnotar [endre]