iPod touch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
 IPodtouchlogo.png
4G IPod Touch.svg
Skapar: Apple
Lansert: August 2007
Skjerm: 3.5"
Oppløysing: 960x640
operativsystem: iOS (iOS, bokmål)
Siste versjon: 4.0
Minne: 8/32/64GB
Batteri: 7 timar med video og 40 timar med musikkavspeling
Nettverk: WiFi (802.11b/g/n) 
Kopling: Macintosh eller PC via Apples dock-tilkopling og  Wifi
Storleik: 110 x 58.9 x 6.2 mm
Vekt:  101 gram
Nettstad: www.apple.com/no/ipodtouch

iPod touch er ein MP3-spelar i iPod-serien produsert av Apple. iPod Touch blei lansert i august 2007 av Steve Jobs (adm.dir. Apple) etter førespurnader om å lage ein iPod meir lik iPhone (som dei lanserte 29. juli 2007). Skjermen snur seg alt etter kva veg du held den og er alltid vassrett. iPod touch liknar veldig på iPhone og for å navigere rundt i operativsystemet, treng du berre bruke fingeren din til å trykkje på skjermen. Det gjeld òg når du skal skrive, då kjem det opp eit lite tastatur på skjermen.

Innhaldsliste

iPod touch-program [endre]

I tillegg til Musikk-programmet og Video-programmet er det nokre andre program som allereie ligg på iPoden når du kjøper den. 

FaceTime [endre]

Med iPod touch 4G kan ein videoringe med frontkameraet, til andre iPod touch (4G)-brukarar og iPhone 4-brukarar. Sida den ikkje kan kople seg på mobilnettet, må ein vere kopla til WiFi for å ringje.

Safari [endre]

iPod touch brukar Safari som er ein nettlesar Apple har laga (nettlesaren finst og for Mac OS). Programmet kan ha fleire vindauga opne og ein kan vende skjermen horisontalt slik at skjermen vert betre utnytta.

Mail [endre]

iPod touch har eit epostprogram som ein kan sende tekst og bilete med. Det er mogleg å lagra bilete, men lagring av musikkfiler, som MP3, ikkje er mogelg. Mail-programmet kan òg lese PDF, Microsoft Word og Microsoft Excel

Bilder [endre]

Frå dette programmet kan ein sende bilete med "Mail" til andre. Ein kan og sjå på bileta ein har lagt til på førehand (på datamaskina) som ein lysbileteserie, eller bileta ein har teke (4. gen). Det går òg an å snu iPoden slik at du ser bileta i "landskapmodus". 

Kamera [endre]

Dette programmet liknar veldig på kamera-programmet til iPhone. Ein kan ta bilete/filme med både frontkameraet og kameraet på baksida og den kan også ta HDR-bilete.

Kalender [endre]

Her kan du leggja til hendingar og avtalar du har, rett inn i kalenderen som du seinare kan synkronisere med datamaskina

YouTube [endre]

Dette er eit program som gjer at ein kan søkje og vise YouTube-videoar. Du kan òg logge inn på brukarkontoen din og sjå videoar du sjølv har lasta opp, favorittvideoane dine og kommentere.   

Aksje [endre]

Det ligg òg eit program innpå som gjer at ein kan følgje med på aksjekursar og vise ein statistikk over den siste dagen, månaden, eller året. 

Vær [endre]

Her kan du søkje på mange plassar/postnummer og få opp vêrmeldinga for sju dagar. Den hentar vêrmelding frå "Yahoo!".

Klokke [endre]

Dette programmet syner deg klokkeslettet for den staden du er og dei plassane du har velt. Du kan og sette på alarmar, stoppeklokke med rundetider og timer(nedtellingsur).

Kalkulator [endre]

Med dette programmet kan du rekne ut enkle reknestykker, og om du snur den får du opp ein meir avansert kalkulator.  

Kart [endre]

Kart-programmet brukar eit kart frå Google som heiter "Google Maps". I tillegg til vanleg kart, kan du sjå kartet i satellittbilete, hybrid og frå gata (Street View). Ein kan òg få vegbeskriving frå ein stad til ein anna, til dømes for bilkøyring.  

iTunes [endre]

Programmet gjer det mogleg å handle musikk via iTunes Store på iPod touch med WiFi-tilkopling. 

App Store [endre]

App Store liknar veldig på "iTunes", berre at i staden for musikk, er det program ein kan kjøpe. Det er òg ein god del program som er gratis. Det er no over 140 000 program i App Store.

Modellar [endre]

Generasjon Kapasitet Farge Kopling (for syncing) Lanseringsdato Minimum OS til å synkronisere Batteri (timer)
Fyrste 8 GB Svart USB 2.0 (FireWire berre for lading) 5. September 2007 Mac: 10.4.10
Windows: XP SP2
lyd: 22
video: 5
16 GB
32 GB
Andre 8 GB Svart USB 2.0 9.September 2008 Mac: 10.4.10
Windows: XP SP2
lyd: 30
video: 6
16 GB
32 GB
Tredje 32 GB Svart USB 2.0 9. September 2009 Mac: 10.4.11
Windows: Windows Vista, Home, XP SP3
lyd: 30
video: 6
64 GB
 
Fjerde 8 GB Svart USB 2.0 8. September 2010 Mac: 10.5.8
Windows: XP SP2, Windows Vista, Windows 7
lyd: 40
video: 7
32 GB
64 GB

Sjå òg [endre]