I Am...I Said

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Am... I Said
Singel av Neil Diamond
B-side «Done Too Soon»
Utgjeve Mars 1971
Sjanger Pop/rock
Lengd 3:32
Selskap Uni
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Neil Diamond-kronologi
«Do It»
(1970)
I Am... I Said «Done Too Soon»
(1971)

«I Am... I Said» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i mars 1971,[1] og gjorde det bra. Han klatra først sakte på listene, men nådde fjerdeplassen i Billboard Hot 100 i mai 1971.[2][3] Han nådde like høgt i Storbritannia.[4]

«I Am... I Said» tok Diamond fire månadar og skrive.[3] I teksten er songaren dradd mellom to verdenar:

Well, I'm New York City born and raised
But nowadays, I'm lost between two shores
L.A.'s fine, but it ain't home —
New York's home but it ain't mine no more...

Versa startar roleg i lågt stemmeregister, halvt talt og halvt sungen, med ein lett gitar og lette strykarar. I refrenget når songen toppen med kraftigare vokal og i høgare toneleie, horn, tyngre trommer og fleire strykarar, medan songeren er enno meir usikker:

I am, I cried!
I am, said I.
And I am lost, and I can't even say why...

«I Am... I Said» vart sidan gjeven ut på Diamond-albumet Stones i november 1971. Singel versjonen startar plata, medan ein reprise av songen kjem sist på plata.[5]

Songen har stort sett fått god omtale av musikkpressa og Rolling Stone meinte teksten var glimrande i ei melding frå 1972.[5] Ein omtale av Diamond i The Daily Telegraph i 2008 kalla songen «rasande eksistensiell angst»,[6] og Allmusic kalla han «ein lidenskapleg framstilling av opprørte kjensler... veldig i tråd med den personlege songar/låtsrkivar-rørsla på den tida.»[1]

Diamond fekk sin første nominasjon til Grammy Awards for beste mannlege popsong med vokal.[1]

«I Am... I Said» finst i konsertversjonar på Hot August Night (frå 1972) og The Greatest Hits: 1966-1992 (frå 1992), i tillegg til fleire samleplater.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4083/biography. Henta 20. august 2013. 
  2. Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. s. 88. ISBN 0-8230-7511-7. 
  3. 3,0 3,1 Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ss. 80–81. ISBN 1-55022-707-6. 
  4. «Neil Diamond search results». everyHit.com. http://www.everyhit.com/searchsec.php. Henta 20. august 2013. 
  5. 5,0 5,1 Gambaccini, Paul (1972-01-20). «Neil Diamond: Stones». Rolling Stone. 
  6. McCormick, Neil (2008-03-05). «Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts». The Daily Telegraph.