I Can't Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Can't Dance
Singel av Genesis
frå albumet We Can't Dance
B-side

On the Shoreline

Utgjeve 30. desember 1991[1]
Innspelt The Farm i Surrey; Mars 1991 – september 1991
Sjanger Bluesrock[2]
Lengd 4:01
Selskap Atlantic (U.S.)
Virgin
Komponist Tony Banks
Tekstforfattar Tony Banks
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Nick Davis
Genesis-kronologi 
«No Son of Mine»
(1991)
I Can't Dance «Hold on My Heart»
(1992)


«I Can't Dance» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Han var den andre singelen frå albumet og nådde sjuandeplassen på singellistene i både USA og Storbritannia.[3] I Nederland gjekk singelen heilt til topps på salslista.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mike Rutherford skapte hovudriffet under innspelinga av albumet. Dette var til ein song han kalla «Heavy A Flat», før Phil Collins brått improviserte «I Can't Dance!». Riffet var inspirert av ein reklame for Levi Strauss & Co. TV som nytta The Clash-song «Should I Stay Or Should I Go». Opphavleg tenkte bandet berre på songen som ein spøk, fordi songen var for enkel, for bluesaktig og for ulik stilen til Genesis. Tony Banks sa i eit intervju «Det var ein av dei musikkstykka du trur aldri kjem til å bli noko av. Det var gøy, men det var ikkje noko spesielt».

Det var først då Banks la på klaver at songen tok ein heilt ny retning og med litt humor inne i biletet valde bandet å spele songen inn skikkeleg.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Den humoristiske musikkvideoen (regissert av Jim Yukich) syner kunstgrepa og den falske glamoren i fjernsynsreklame. Phil Collins sa at vidoeen var laga for å gjere narr av modellane i jeansreklamar, og at kvart vers syner til ting som modellane i desse reklamane gjer. Slutten er ein parodi på videoen til «Black or White» av Michael Jackson.

Songen skapte «I Can't Dance»-dansen som bestod av ei rekkje stive rørsler.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen vart gjeven ut med ein lengre remix kalla «Sex Mix». Denne vart sidan gjeven ut på Genesis Archive 2: 1976-1992 som «12" Mix». Miksane var laga av brørne Howard Gray og Trevor Gray frå Apollo 440.

B-sida «On the Shoreline» vart òg sidan gjeven ut på Genesis Archive 2: 1976-1992.

På singelutgjevinga av «Jesus He Knows Me» finn ein òg ein miks kalla «I Can't Dance (the other mix)».

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«I Can't Dance» vart spelt på dei fleste konsertane til Genesis etter songen kom ut. Konsertopptak finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, i tillegg til DVDane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

Ray Wilson, som tok over som songar i Genesis etter Collins, fortsette å spele songen solo etter han slutta i Genesis. Dette var ein meir bluesaktig versjon.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD maxi - Europa
  1. «I Can't Dance» — 4:02
  2. «On the Shoreline» — 4:47
  3. «In Too Deep» (live) — 5:28
  4. «That's All» (live) — 4:54
CD maxi - USA
  1. «I Can't Dance» (LP version) — 4:00
  2. «On the Shoreline» — 4:45
  3. «In Too Deep» (live) — 5:28
  4. «That's All» (live) — 4:54
  5. «I Can't Dance» (sex mix) — 6:59

7" singel
  1. «I Can't Dance» — 4:01
  2. «On the Shoreline» — 4:46
12" maxi
  1. «I Can't Dance» — 4:02
  2. «On the Shoreline» — 4:47
  3. «I Can't Dance» (sex mix) — 6:59

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992) Plassering
Australia (ARIA)[4] 7
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[5] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[6] 1
Canada Top Singles (RPM)[7] 3
Frankrike (SNEP)[8] 9
Tyskland (Media Control AG)[9] 4
Irland (IRMA)[10] 7
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[11] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 1
New Zealand (RIANZ)[13] 10
Poland (LP3)[14] 3
Sverige (Sverigetopplistan)[15] 13
Sveits (Schweizer Hitparade)[16] 8
UK Singles (Official Charts Company)[17] 7
US Billboard Hot 100[18] 7
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[18] 26
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[18] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992) Plassering
Australia (ARIA)[19] 67
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[20] 14
Belgia (Ultratop)[21] 12
Canada Top Singles (RPM)[22] 27
Tyskland (Official German Charts)[23] 24
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[24] 16
Nederland (Single Top 100)[25] 20
Sveits (Schweizer Hitparade)[26] 32
US Billboard Hot 100[27] 55

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[28] Gull 25 000x

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fielder, Hugh (2000). Genesis Archive #2: 1976—1992 [CD liner notes]. Gelring Ltd.
  • McMahan, Scott (Januar 1998). «The Genesis Discography» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. mai 2006. Henta 12. mai 2006. 
  1. «Official Genesis Website». Genesis-music.com. Arkivert frå originalen 20. februar 2012. Henta 24. mars 2020. 
  2. Reed, Ryan (10 Oktober 2014). «20 Insanely Great Genesis Songs Only Hardcore Fans Know». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 24. mars 2020. 
  3. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 317. ISBN 0-87586-207-1. 
  4. "Australian-charts.com – Genesis – I Can't Dance". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  5. "Genesis – I Can't Dance – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  6. "Ultratop.be – Genesis – I Can't Dance" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2020.
  7. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
  8. "Lescharts.com – Genesis – I Can't Dance" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  9. "Genesis - I Can't Dance". Charts.de. Media Control. Henta 24. mars 2020.
  10. "The Irish Charts – Search Results – I Can't Dance". Irish Singles Chart. Retrieved 24. mars 2020.
  11. "Nederlandse Top 40 – week 10, 1992" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 24. mars 2020.
  12. "Dutchcharts.nl – Genesis – I Can't Dance" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2020.
  13. "Charts.org.nz – Genesis – I Can't Dance". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  14. «Notowanie nr523» (på polsk). LP3. 28. februar 1992. Arkivert frå originalen 2. november 2019. Henta 24. mars 2020. 
  15. "Swedishcharts.com – Genesis – I Can't Dance". Topp 60. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  16. "Genesis – I Can't Dance – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 24. mars 2020.
  18. 18,0 18,1 18,2 Billboard Allmusic.com (Henta 9. august 2008)
  19. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  20. «Jahreshitparade Singles 1992» (på tysk). Henta 24. mars 2020. 
  21. «Jaaroverzichten 1992» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 24. mars 2020. 
  22. «The RPM Top 100 Hit Tracks of 1992» (PDF). RPM 56 (25): 8. 19 Desember 1992. Henta 24. mars 2020. [daud lenkje]
  23. «Top 100 Singles - Jahrescharts 1992» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 24. mars 2020. 
  24. «Single top 100 over 1992» (PDF) (på nederlandsk). Top40. Henta 14. april 2010. 
  25. «Jaaroverzichten - Single 1992» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 24. mars 2020. 
  26. «Schweizer Jahreshitparade 1992» (på tysk). Henta 24. mars 2020. 
  27. «Billboard Top 100 – 1992». Arkivert frå originalen 17. januar 2010. Henta 30. juli 2010. 
  28. «Austrian single salstrofé – Genesis – I Can't Dance» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 24. mars 2020.  Enter Genesis in the field Interpret. Enter I Can't Dance in the field Titel. Select single in the field Format. Click Suchen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]