I Can See for Miles
| «I Can See for Miles» Singel av The Who frå albumet The Who Sell Out |
||
| B-side | «Someone's Coming» (UK) «Mary Anne with the Shaky Hand» (US) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 14. oktober 1967 | |
| Innspelt | CBS Studios i London, mai 1967. Vokalen er spelt inn i Talentmasters i New York, 6. og 7. august 1967. Siste miks vart gjort i Gold Star Studios i Los Angeles, 10. september 1967 | |
| Sjanger | Hardrock | |
| Lengd | 4:06 | |
| Selskap | Track | |
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
| Produsent | Kit Lambert | |
| Kritikk | ||
| The Who-kronologi | ||
| «The Last Time»/«Under My Thumb» (1967) |
«I Can See for Miles» | «Dogs» (1968) |
«I Can See for Miles» er ein song skriven av Pete Townshend frå The Who, og spelt inn for albumet The Who Sell Out i 1967. Han var den einaste songen frå albumet som vart gjeven ut som singel, den 14. oktober 1967. Singelen er den største The Who har hatt i USA.
Songen vart spelt inn i fleire studio i Storbritannia og USA og er eit døme på dei stadig meir sofistikerte studioteknikkane rockeband starta å bruke mot slutten av 1960-åra. Instrumentspora vart spelt inn i London, medan vokalen og tilleggsspor vart spelt inn i New York i Talentmasters Studios, før albumet vart mastra i Los Angeles ved Gold Star Studios.
Songen nådde tiandeplassen i Storbritannia og niandeplassen i USA. Sjølv om dei fleste band burde vere nøgd med slike plasseringar vart Townshend skuffa. Han har sagt at dette var for han den ultimate The Who-plata, men selde ikkje så godt som han hadde trudd. Songen er plassert på 258. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Songen kan ha inspirert The Beatles til å skrive «Helter Skelter». Paul McCartney har fortalt at han skreiv «Helter Skelter» etter å ha lest ei melding av The Who Sell Out der kritikaren skriv at «I Can See for Miles» var den «tyngste» songen han hadde høyrt. McCartney, som då ikkje hadde høyrt «I Can See for Miles», skreiv «Helter Skelter» i eit forsøk på å lage ein enno «tyngre» song.
«I Can See for Miles» vart lite speltpå konsertar medan Keith Moon var i live. Den kompliserte vokalharmonien var vanskeleg å gjere på scenen. Songen vart spelt på The Smothers Brothers Comedy Hour, men vart mima. Han vart spelt meir på konsertar frå 1979 og frametter då Kenney Jones vart trommeslagar i bandet. Songen hadde då ein mykje meir streit rytme.
Andre utgåver [endre]
Andre artistar som har spelt songen er Tina Turner på soloalbumet hennar Acid Queen frå 1975, samt Styx, Petra Haden og Marty Stuart.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «I Can See for Miles» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kent, Matt og Andy Neill. The Who: The Ultimate Collection (liner notes). MCA Records, 2002.
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |