I Dig Everything
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| I Dig Everything Singel av David Bowie |
||
| B-side | «I'm Not Losing Sleep» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | august 1966 | |
| Innspelt | Pye Studios, London, 5. juli 1966 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 2:45 | |
| Selskap | Pye 7N 17157 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Tony Hatch | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Do Anything You Say» 1966 |
I Dig Everything | «Rubber Band» 1966 |
«I Dig Everything» er ein song av David Bowie. Han vart gjeven ut som singel i 1966. Songen vart opphavleg spelt inn som demo med turnebandet til Bowie, The Buzz, men Tony Hatch var ikkje nøgd med spelinga deira og erstatta dei med studiomusikarar. Songen vart spelt på konsertar i 1966-1967 som ein omskriven versjon av 1-2-3 (seinare Clouds), som Bowie høyrte spele på The Marquee tidleg i 1967.[1]. Singelen selde dårleg og var den siste innspelinga til Bowie for Pye.
B-sida til singelen var «I'm Not Loosing Sleep».
Songen vart spelt inn på ny 34 år seinare for albumet Toy, som aldri vart gjeven ut.
Innhaldsliste |
Medverkande [endre]
- David Bowie: vokal, gitar
- Andre musikarar ukjende
Andre utgjevingar [endre]
- Songen vart gjeven ut som B-sida til den spanske utgåva av «Can't Help Thinking About Me» i 1972.
- Pye gav ut singelen med bileteomslag i Spania i september 1972.
- Songen finst òg på samleplatene
- Don't Be Fooled by the Name (Japan)
- The Collection (1985)
- 1966 (1988)
- Introspective (1990)
- Early On (1964-1966) (1991)
- I Dig Everything EP (1999)
Andre versjonar [endre]
- The Great Imposters - Dollars in Drag: A Tribute to David Bowie. Versjonen deira heitte «I Dig Anything». Songen vart òg spelt inn av Generation X.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «I Dig Everything» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ Mojo magazine Nov 1994 article "1-2-3 and the Birth of Prog", interview with David Bowie