I Don't Wanna Get Drafted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Don't Wanna Get Drafted
Singel av Frank Zappa
frå albumet You Are What You Is
B-side

«Ancient Armaments»

Språk engelsk
Utgjeve 1980
Innspelt 1980
Sjanger Rock, komedierock
Lengd 3:10
Selskap Barking Pumpkin
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
«Stick It Out»
(1979)
I Don't Wanna Get Drafted «Love of My Life»
(1981)


«I Don't Wanna Get Drafted» er ein song av Frank Zappa som vart gjeven ut på singel i 1980. Han vart spelt inn på ny i 1981 for albumet You Are What You Is under tittelen «Drafted Again«. Plateselskapet Zappa var på denne tida, Mercury, nekta å gje songen ut på singel. Zappa skapte i staden sitt eige selskap, Barking Pumpkin, og gav ut singelen der.[1] Han nådde 103. plass på den amerikanske singellista, men nådde heilt til 3. plass i Sverige. Singelversjonen vart sidan gjeven ut på The Lost Episodes.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein komisk protest mot verneplikta, som vart gjeninnført i USA på denne tida. Testlinjer som «Roller skates in disco is a lot of fun. I'm too young'n stupid to operate a gun»[2] syner til at verneplikta hentar inn unge folk som ikkje er klare eller smarte nok for militæret.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

A.«I Don't Wanna Get Drafted» - 3:10
B.«Ancient Armaments» - 4:10[4]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Singelversjon[endre | endre wikiteksten]

Frank Zappa- vokal, gitar
Dale Bozzio — vokal
Terry Bozzio — vokal
Ike Willis - vokal, gitar
Ray White - vokal gitar
Arthur Barrow - bass
Tommy Mars - klaverinstrument, vokal
Vinnie Colaiuta - trommer[5]

Albumversjonen[endre | endre wikiteksten]

Frank Zappa – vokal, gitar
Ike Willis – rytmegitar, vokal
Ray White – rytmegitar, vokal
Steve Vai – gitar
Ahmet Zappa – vokal
Moon Zappa – vokal
Arthur Barrow – bassgitar
Bob Harris – trompet
Tommy Mars – klaverinstrument
David Logeman – trommer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]