I Know What I Like (In Your Wardrobe)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Know What I Like (In Your Wardrobe)
Singel av Genesis
frå albumet Selling England by the Pound
B-side

Twilight Alehouse

Utgjeve 3. august 1973
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 4:07
Selskap Charisma
Komponist Tony Banks
Tekstforfattar Tony Banks
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett, Mike Rutherford
Produsent John Burns & Genesis
Genesis-kronologi 
Happy the Man
(1972)
I Know What I Like (In Your Wardrobe) Counting Out Time
(1974)


«I Know What I Like (In Your Wardrobe)» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå albumet Selling England by the Pound i 1973. Songen vart gjeven ut som singel august 1973 og vart ein hit i april 1974 då han nådde 21. plassen på singellista i Storbritannia. Dette var første singelen til Genesis som gjekk inn på lista.[1]

Teksten omhandlar ein ung mann som er tilsett som oppsynsmann og som seier han ikkje ønsker å vekse opp og gjere store ting. Han er nøgd med der han er no, som grasklyppar. Betty Swanwick-måleriet The Dream, som vart nytta som plateomslag for Selling England, var inspirasjonen til teksten.

Songen har ein psykedelisk rock-stil med perkusjonsrytmar og eit elektrisk sitar-riff frå Mike Rutherford (på konsertane spelt av Steve Hackett).

Seinare konsertversjonar av denne songen (som på Seconds Out) inneheldt ein lengre instrumental del med klipp frå andre Genesis-songar – som «Visions of Angels», «Blood on the Rooftops», «Dancing with the Moonlit Knight» og «Stagnation» – og songar av andre artistar som «Don't Let Me Be Misunderstood». Phil Collins danna under desse instrumentalane medan han slo på ein tamburin. Dette kan ein sjå i Genesis: In Concert frå 1977 og The Way We Walk – Live in Concert (1992) og When in Rome 2007.

«I Know What I Like» var den einaste pophitten til bandet i dei tidlege åra, ei tid då progressive rockeband i stor grad unngjekk singelmarknaden. Songen vart spelt på Top of the Pops og dansa til av Pan's People. Suksessen vart ikkje toppa før «Follow You Follow Me» på And Then There Were Three fire år seinare.

I 1993 gjorde Marillion sin tidlegare frontmann, Fish, ein coverversjon av songen på sin Songs from the Mirror.

B-sida til singelen var «Twilight Alehouse», som ikkje vart gjeve ut på albumet. Denne songen hadde vorte spelt på konsertane til Genesis sidan 1970, men vart ikkje spelt inn i studio før 1973. «Twilight Alehouse» vart sidan gjeven ut på Genesis Archive 1967-75.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.