I Will av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Will
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 16. september 1968
Sjanger Folkpop[1]
Lengd 1:46
Selskap Apple Records
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«I Will» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney.

«I Will» er ein av fleire liknande balladar McCartney har skrive. Den norske Beatles-eksperten Bård Ose meiner at han òg viser kor god McCartney er når han gjer det kort, i dette tilfellet på under to minutt. Han registrer òg at songen minnar påfallande, om enn tilfeldig, på songen «I'll Follow the Sun», som òg er skriven av McCartney.[2]

Songen er skriven med ei særskild kvinne i tankane; Linda Eastman, som han seinare vart gift med. Dette er den første av mange songar inspirert av eller som handlar om henne. Då han skreiv songen, var han framleis trulova med skodespelarinna Jane Asher. Som kjærleikserklæring har den komande fru McCartney lite å utsette:

Love you forever and forever
Love you with all my heart
Love you whenever we're together
Love you when we're apart

McCartney skreiv songen i India, som fleire av songane på Det kvite albumet vart. I fjernsynsdokumentaren av The Beatles Anthology vert McCartney, George Harrison og Ringo Starr vist medan dei slappar av på eit teppe i ein hage. Starr spør McCartney kva han skreiv medan han var i India, og han svarte «I Will».

I Abbey Road Studios vart songen spelt inn mellom 16. og 17. september 1968 med McCartney på vokal, akustiske gitarar og med bassvokal. Harrison var ikkje i studio, men Lennon medverka med perkusjon og Starr på bongos, maracas og cymbalar. Innspelinga var ein av dei meir vellukka under innspelinga av albumet og stemninga var god, for dei tre Beatles-medlemmane startar òg å jamme, og McCartney improviserer fram ein song som var for god til å kastast: «Can you take me back where I came from, can you take me back». Han vart i staden nytta som ei forlenging av Lennon-songen «Cry Baby Cry» på same album.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis, Michael. 100 Best Beatles Songs: A Passionate Fan's Guide. s. 163. ISBN 1603762655. 
  2. Bård Ose, Beatles hele livet, Bergen 1999
  3. MacDonald 2005, s. 315.