I Wish You Would

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Wish You Would
Singel av Billy Boy
B-side

«I Was Fooled»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1955[1]
Innspelt 5. mai 1955 i Universal Recording Studios i Chicago i Illinois[1]
Sjanger Chicago blues
Lengd 2:55
Selskap Vee-Jay
Komponist Billy Boy Arnold
Tekstforfattar Billy Boy Arnold
Låtskrivar(ar) Billy Boy Arnold
Billy Boy-kronologi 
I Wish You Would «I Ain't Got You»
(Februar 1956)


«I Wish You Would» er ein song av Chicago blues-artisten Billy Boy Arnold. Han vart spelt inn tidleg i mai 1955 og gjeven ut som singel av Vee-Jay Records ein månad seinare i juni. Singelen var berre tilskriven han som Billy Boy.[1]

Songen vart spelt av fleire andre band sidan, mellom anna the Yardbirds i 1964. Billy Boy Arnold kom attende til «I Wish You Would» fleire gonger i løpet av karrieren og produserte nye studioversjonar og konsertversjonar av songen for forskjellige plateselskap.

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Då Billy Boy Arnold spelte med Bo Diddley skreiv han ein song kalla «Diddy Diddy Dum Dum», som var basert på «Bo Diddley-rytmen». Billy Boy Arnold spelte songen på konsertar med Bo Diddley, som Leonard Chess høyrte og sa at Diddely burde spele inn songen på den andre innspelinga hans for Chess Records. Billy Boy, trudde derimot at Leonard ikkje likte han, så han skreiv om teksten og kalla songen «I Wish You Would», og spelte han inn for Vee-Jay.[2]

«I Wish You Would» vart spelt inn i Universal Recording Studios i Chicago den 5. mai 1955. På songen spelar Billy Boy på vokal og munnspel, Jody Williams – som hadde spelt med Bo Diddley og Billy Boy på Maxwell Street – på gitar, Henry Graypiano, Milton Rector på elektrisk bass og Earl Phillips på trommer.[1]

The Yardbirds-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Wish You Would
Singel av The Yardbirds
B-side

«A Certain Girl»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1964
Innspelt Olympic Studios i London[3]
Februar 1964
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:19
Selskap Columbia (Cat. nr. DB 7283) (UK)
Epic (Cat. nr. 5-9709) (US)
Komponist Billy Boy Arnold
Tekstforfattar Billy Boy Arnold
Låtskrivar(ar) Billy Boy Arnold
Produsent Giorgio Gomelsky
The Yardbirds-kronologi 
I Wish You Would «Good Morning Little Schoolgirl»
(1964)


Det engelske rockebandet The Yardbirds gav ut «I Wish You Would» som debutsingelen sin i 1964. Dette studioopptaket manglar Bo Diddley-rytmen og er langt kortare enn konsertversjonane bandet spelte på denne tida.[4] Singelen nådde ikkje singellistene, men vart sidan gjeven ut på det første amerikanske albumet til The Yardbirds, For Your Love, som nådde 96. plass der i 1965.

Fleire konsertopptak av «I Wish You Would» vart spelte inn av the Yardbirds, og sidan gjevne ut. Ein versjon frå 1963 med Eric Clapton vart gjeven ut på London 1963 – The First Recordings!; eit opptak frå 1965 av BBC med Jeff BeckYardbirds ... On Air; og ein versjon frå 1968 med Jimmy PageLast Rave-Up in LA.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Robert Pruter; Robert L. Campbell; Robert Stallworth; Bob Marovich; Tom Kelly. «Vee-Jay: The Early Years». hubcap.clemson.edu. Arkivert frå originalen 5. februar 2008. Henta 4. mai 2011. 
  2. Unterberger, Richie. «Billy Boy Arnold Interview». Richie Unterberger. Henta 4. mai 2011. 
  3. Russo 1998, s. 84.
  4. Russo, Greg (1998). Yardbirds: The Ultimate Rave-Up. Crossfire Publications. s. 160. ISBN 0964815737.