I Won't Back Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Won't Back Down
Singel av Tom Petty
frå albumet Full Moon Fever
B-side

«The Apartment Song», «Don't Treat Me Like a Stranger» (12" og CD)

Utgjeve April 1989
Innspelt 1988
Sjanger Heartland rock
Lengd 2:59
Selskap MCA
Låtskrivar(ar)
Produsent
Tom Petty-kronologi 
«All Mixed Up»
(1987)
I Won't Back Down «Runnin' Down a Dream»
(1989)


«I Won't Back Down» er ein song av Tom Petty og den første singelen frå det første soloalbumet hans, Full Moon Fever i 1989. Songen vart skriven av Petty og Jeff Lynne og nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og toppa Album Rock Tracks-lista i fem veker.

Bakgrunn og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Petty snakka om innspelinga av songen i Mojo: «På innspelinga song George Harrison og spelte gitar. Eg var frykteleg forkjølt den dagen, og George drog til ein butikk og kjøpte ingefærrot til meg, som han kokte opp og eg måtte stikke hovudet over kjelen slik at ingefæren opna opp biholene mine. Så gjekk eg inn i studio og song songen.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Teksten inneheld ei melding om å stå opp mot styrkar som gjer det vanskeleg for ein, eller kanskje undertrykking:

Well I know what's right, I got just one life
in a world that keeps on pushin' me around
but I'll stand my ground, and I won't back down

På grunn av temaet i songen vart songen ofte spelt på amerikansk radio etter terroråtaka 11. september 2001.[2] Petty og the Heartbreakers spelte ein roleg, men fast versjon av songen på fjernsynssendinga America: A Tribute to Heroes etter åtaka i 2001.[2][3]

I dokumentarfilmen Runnin' Down a Dream frå 2007, sa Petty at han følte noko nøling med å gje ut songen, på grunn av den tydelege bodskapen.[4]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart regissert av David Leland, og filma 22. og 23. mars på ein scene i Pinewood Studios og gjeve ut 24. april 1989. Traveling Wilburys-kollegaene George Harrison og Jeff Lynne er med i videoen i lag med Mike Campbell og Ringo Starr.[5] Ein kan sjå Starr spele trommer i videoen, men på den faktiske lydinnspelinga er det Phil Jones som spelar trommer.

Likskap til Sam Smith sin «Stay with Me»[endre | endre wikiteksten]

I januar 2015 kom det fram at forlaget til Petty kontakta forlaget til Sam Smith om songen «Stay with Me» på grunn av likskapar mellom dei to songane. Det kom til ei semje der Petty og Jeff Lynne vart tekne med som låtskrivarar og fekk 12,5% av honraret for songen.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Kanadiske RPM Top Singles 5
Tyskland 66
New Zealand 49
UK Singles Chart 28
US Billboard Hot 100 12
US Billboard Album Rock Tracks 1
US Billboard Modern Rock Tracks 29
US Cash Box Top 100 Singles 11

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg nedlastbar for videospelet Rock Band 2

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snow, Mat. «Tom Petty interview». MOJO. January 2010 (194). Henta 14. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 Eric Schumacher-Rasmussen (22. september 2001). «Mariah Carey, Springsteen, Other Stars Sing For America On Telethon». MTV News. 
  3. Bill Crandall (24. september 2001). «Artists Rise Up for America». Rolling Stone. 
  4. Peter Bogdanovich (director). Runnin' Down a Dream. [Documentary]. Hendinga skjer ved 2:43:25. 
  5. Strictly limited edition 7" single cover (MCA 1334)
  6. «Sam Smith: Tom Petty given writing credit for Stay with Me». BBC News. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]