Ian Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ian Anderson
Ian Anderson.jpg
Anderson i Milano i Italia
Verkeleg namn Ian Scott Anderson
Fødd 10. august 1947, Dunfermline i Skottland
Instrument Vokal, gitar, bassgitar, fløyte, bouzouki, balalaika, mandolin, munnspel, sopransaksofon, tangentinstrument, fløyte, trommer
Sjanger Progressiv rock, folkrock, hardrock, bluesrock
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar og komponist
Tilknytte artistar Jethro Tull, Dave Pegg, David Goodier, Doane Perry, Peter-John Vettese, Andrew Giddings, Martin Barre, Steven Wilson, Scott Hammond
Plateselskap Chrysalis, Fuel 2000, RandM
Nettstad www.iananderson.com

Ian Scott Anderson, MBE, (fødd 10. august 1947), er ein skotsk songar, låtskrivar og multi-instrumentalist, mest kjend som frontmann og fløytist i det britiske rockebandet Jethro Tull. Anderson spelar fleire andre instrument, som akustisk og elektrisk gitar,[1] bass, bouzouki, balalaika, saksofon, munnspel, og forskjellige typar fløyter.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ian Anderson vart fødd som den yngste av tre barn. Faren hans, James Anderson, styrte RSA Boiler Fluid Company[2] i East Port i Dunfermline i Fife i Skottland. Anderson voks opp i Edinburgh i Skottland. Han var påverka av faren sine storband- og jazz-plater og rocken som var på veg opp, men likte ikkje «show biz»-stilen til tidlege amerikanske rock and roll-stjerner som Elvis Presley.[3]

Familien hans flytta til Blackpool i Lancashire i 1959, der han gjekk på Blackpool Grammar School.[4] Han studerte sidan kunst på Blackpool College of Art frå 1964 til 1966.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som tenåring jobba Anderson som salsassistent for Lewis' varehus i Blackpool, så som seljar i ein aviskiosk. Han har seinare fortalt at det var då han las Melody Maker og New Musical Express i pausane sine her at han fekk inspirasjon til å starte eit band.

I 1963 starta han The Blades i lag med skulevenene Barriemore Barlow (trommer), John Evan (tangentinstrument), Jeffrey Hammond (bass) og Michael Stephens (gitar). Dette var eit soul- og bluesband, med Anderson på vokal og munnspel – han hadde ikkje byrja å spele fløyte enno.

Anderson med Jethro Tull i Maple Leaf Gardens i Toronto i Canada 24. mars 1977.

På denne tida gav Anderson opp ambisjonen om å spele elektrisk gitar, visstnok fordi han meinte han aldri kom til «å bli så god som Eric Clapton». Som han sjølv fortel i videoen til Live at the Isle of Wight, byta han den elektriske gitaren sin mot ei fløyte, og etter nokre veker med øving, klarte han å spele rock og blues forholdsvis bra. I følgje teksten i plateomslaget til det første Tull-albumet This Was, hadde han berre spelt fløyte nokre få månader før albumet vart spelt inn. Han var likevel ikkje ein dårleg gitarist og heldt fram å spele akustisk gitar og nytta gitaren både som eit melodisk og rytmisk instrument. I løpet av karrieren sin spelte han òg sopransaksofon, mandolin, tangentinstrument og andre instrument.

At han ofte står på ein fot når han spele fløyter skjedde tilfeldig, fordi han ein gong stod på ein fot då han spelte munnspel, og heldt seg i mikrofonstativet for å halde balansen. Under ein lengre speleperiode på Marquee Club, skreiv ein journalist feilaktig at han stod på ein fot medan han spelte fløyte. Anderson valte å leve opp til ryktet og byrja å gjere dette. Nokre av dei første forsøka kan ein sjå i The Rolling Stones Rock and Roll Circus der Jethro Tull spelte.

Anderson med Jethro Tull i Hammersmith Odeon i London, mars 1978.

Anderson har spelt inn fleire eigne prosjekt under sitt eige namn og har ofte spelt for andre artistar.

Anderson har spelt inn fleire songar der han sjølv spelar alle instrument, i tillegg til å vere lydteknikar og produsent.

I 1990-låra byrja han å spele enkle bambusfløyter.

I 2003 spelte Anderson inn ein komposisjon kalla «Griminelli's Lament» til ære for venen, den italienske fløytisten Andrea Griminelli.


Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap Beste plassering
US UK[5] Tyskland
1983 Walk into Light Chrysalis/EMI Records 202 78
1995 Divinities: Twelve Dances with God Angel/EMI Records
2000 The Secret Language of Birds Fuel 2000/Varèse Sarabande/Universal Records 26
2003 Rupi's Dance RandM Records 40
2012 Thick As a Brick 2[6] Chrysalis/EMI Records 55 35 13
2014 Homo Erraticus[7] Calliandra Records/Kscope

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap Beste plassering
US UK[5] Tyskland
2005 Ian Anderson Plays the Orchestral Jethro Tull ZYX Music 68 (CD)
(DVD)
2014 Thick as a Brick - Live in Iceland[8] Eagle Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cooper, Adam (March 23, 2012). "Ian Anderson's 2012 Jethro Tull Akustisk Gitar Rig". GitarGeek.Com.
  2. «THE ENTERTAINERS - Brothers score stage success». Dunfermline Press. TullPress.com. 19 oktober 1979. http://www.tullpress.com/dp19oct79.htm. Henta 15. september 2012. 
  3. «Ian Anderson (2 of 11) - The Formative Years». YouTube. http://www.youtube.com/watch?v=p4mNh5fMGOg&feature=fvwrel. Henta 15. september 2012. 
  4. Nollen, Scott Allen. Jethro Tull: A History of the Band, 1968–2001, p. 23. McFarland, 2001. ISBN 0-7864-1101-5
  5. 5,0 5,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 23. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. «Thick As a Brick 2: Whatever Happened to Gerald Bostock». jtull.com. http://jtull.com/diskografi/taab2/iancomments.html. Henta 15. september 2012. 
  7. «Mal:Citation error». jtull.com. http://jethrotull.com/homo-erraticus-the-new-studio-album-from-ian-anderson/. Henta 14. april 2014. 
  8. «Mal:Citation error». jtull.com. http://jethrotull.com/thick-as-a-brick-live-in-iceland-now-available-to-pre-order/. Henta 25. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ian Anderson
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ian Anderson