Ian Paice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ian Paice
Ian Paice 2005.jpg
Ian Paice med Deep Purple på Labatt Centre i London i Ontario i Canada (2005)
Verkeleg namn Ian Anderson Paice
Fødd 29. juni 1948 (66 år), Nottingham i England
Instrument Trommer, perkusjon
Sjanger Hardrock, heavy metal, blues-rock, progressiv rock
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Deep Purple, Green Bullfrog, Paice, Ashton & Lord, Whitesnake, Gary Moore, Paul McCartney, The Velvet Underground

Ian Anderson Paice (fødd 29. juni 1948) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar i det engelske rockebandet Deep Purple. Etter at Jon Lord forlet bandet i 2002 er han det einaste medlemmet som har vore med i bandet kontinuerleg sidan starten.

Eigenleg ville Ian Paice lære seg å spele fiolin men ombestemte seg for å satse på trommer som 15-åring. Han hugsar at han «etterkvart kjøpte eit trommesett for 32 pund og vart med faren min, som var pianist, på spelejobbar. Då spelte me valsar og Quick Step. Litt snodig, men det var ei byrjing...» [1]

Han vart som ung inspirert av Gene Krupa, Buddy Rich og andre jazz-trommeslagarar. Ian er ein av få hardrock-trommiser som aktivt brukar swing og jazz-teknikkar. Han er òg venstrehendt.

Han vart så trommeslagar i det lokalet bandet Georgie and the Rave ons, som seinare skifta namn til The Shindings. Ian forlét The Shindings og vart med i bandet MI5 som seinare skifta namn til The Maze.

Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

I The Maze spelte han saman med vokalisten Rod Evans, som han i 1968 danna Deep Purple saman med. Han er den einaste medlemmen av Deep Purple som har vore med heile tida banda har eksistert. Han har òg spelt med Paice, Ashton & Lord, Whitesnake og Gary Moore.

Paul McCartney nytta tenestene hans på albumet Run Devil Run i 1999. Steve Morse har sagt om Ian Paice: «Han er ein tung Ringo Starr. Han er ein utruleg bra trommeslagar, men likar ikkje å gjere noko stort nummer ut av det.»[2]

Eit spesielt kjenneteikn er at han nestan alltid har på seg briller med farga glas, som oftast blå men han er òg observert med grøne og lilla glas.[3]

Ian Paice er gift og har tre born. Kona hans Jacky er tvillingsystera til Vicky, kona til Jon Lord.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For Deep Purple-diskografien, sjå her.

MI5 & The Maze[endre | endre wikiteksten]

  • 1966 You'll Never Stop Me Loving You/Only Time Will Tell (SP, UK)
  • 1966 Hello Stranger/Telephone (SP, UK)
  • 1967 Arie Del Sud/Non Fatemio Odiare (SP, Italia)
  • 1967 Harlem Shuffle/What Now/The Trap/I'm So Glad (EP, Frankrike)
  • 1967 Catteri, Catteri/Easy Street (SP, UK)

Gary Moore Band[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • 2002 Not for the Pro's (DVD+CD)
  • 2005 Chad Smith & Ian Paice – Live Performances, Interviews, Tech Talk and Soundcheck (DVD)
  • 2006 Modern Drummer Festival 2005 (DVD)
  • 2007 Ian Paice and Friends Live In Reading 2006 (DVD)

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Film og TV[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 Rock School (BBC, opplæring)
  • 1991 Deep Purple - Heavy Metal Pioneers (Warner, intervjuobjekt)
  • 1995 Rock Family Trees, ep. 'Deep Purple' (BBC, intervjuobjekt)
  • 2002 Classic Albums, ep. 'Deep Purple - Machine Head' (ITV, intervjuobjekt)
  • 2004 Roger Glover - Made in Wales (ITV, intervjuobjekt)
  • 2005 Hardrock Treasures (Feature, intervjuobjekt)
  • 2006 Heavy Metal: Louder Than Life (Feature, intervjuobjekt)
  • 2006 Brick by Brick - The Building of Gillan's Inn (DVD-spesial)
  • 2007 Highway Star: A Journey in Rock (intervjuobjekt)
  • 2010 I'm in a Rock n' Roll Band, ep. 'The Drummer' (BBC, intervjuobjekt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pearl Drums – Ian Paice
  2. Offisiell nettside – Ian Paice profil
  3. Bilete – Ian Paice galleri

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]