Ian Wallace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ian Wallace
Ian-Wallace.jpg
Wallace spelar i november 1972 med Alexis Korner & Snape, i Hamburg
Verkeleg namn Ian Russell Wallace
Fødd 29. september 1946, Bury i Lancashire i England
Død 22. februar 2007 (60 år), Los Angeles i USA
Instrument Trommer, perkusjon
Sjanger Rock, pop, jazz
Aktive år 1968–2007
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Yes, Big Sound, Nalle, Bonzo Dog Doo Dah Band, Neil Innes, King Crimson, Peter Frampton, Bob Dylan, Ry Cooder, Don Henley, Bonnie Raitt, Joe Walsh, Johnny Hallyday, Keith Emerson, Roy Orbison, Jackson Browne, Traveling Wilburys, Eric Clapton, Jon Anderson, Alvin Lee, Crosby, Stills and Nash, Brian Eno, Larry Coryell, Stevie Nicks, Lindsey Buckingham, Steve Marriott, Badger, Al Kooper, Tim Buckley, Lonnie Mack, Procol Harum, Warren Zevon, Peter Banks, The Crimson Jazz Trio
Nettstad www.ianrwallace.com

Ian Russell Wallace (29. september 194622. februar 2007) var ein trommeslagar innan både rock og jazz, mest synleg som medlem av progrockbandet King Crimson frå 1971 til 1972 og som studiomusikar for mange artistar.

Wallace starta det første bandet sitt, The Jaguars, på skulen, før han vart med i The Warriors med Jon Anderson i tida før Anderson vart med i Yes. Wallace spelte ein gong med Yes i november 1968 medan Bill Bruford hadde ein pause frå bandet.

Frå The Warriors gjekk Wallace til Big Sound. I 1960-åra arbeidde Big Sound i Danmark, Noreg og Sverige som bandet til den danske artisten Nalle. Då Big Sound gav seg under ein turne i Noreg i 1967, flytta Wallace til London og starta å spele for artistar som Sandie Shaw, David Garrick, Marv Johnson og Lou Christie.

Wallace vart så med i Vivian Stanshall sitt Bonzo Dog Doo Dah Band, og så The World med Neil Innes før King Crimson. Han var med på albumet Islands i 1971, og konsertalbumet Earthbound i 1972, samt fleire seinare arkivutgjevingar. I mai 1972, mot slutten av ein amerikansk turn, forlet han Crimson-medlem Mel Collins og Boz Burrell bandet og starta å arbeide for Alexis Korner sitt Snape.

Wallace arbeidde så med Peter Frampton i 1975. Han vart invitert med i bandet til Bob Dylan i 1978 og var med på turneen hans i Japan. Den tunge trommestilen til Wallace var den drivande krafta på albumet Street-Legal.

Andre artistar Wallace arbeidde med var Ry Cooder i 1979 og Don Henley i 1980- og 1990-åra, samt El Rayo-X med David Lindley, Bonnie Raitt, Joe Walsh, Bob Dylan, Johnny Hallyday, Keith Emerson, Roy Orbison, Jackson Browne, the Traveling Wilburys, Eric Clapton, Jon Anderson, Alvin Lee, Crosby, Stills and Nash, the Quireboys, Brian Eno, Larry Coryell, Stevie Nicks, Lindsey Buckingham, Steve Marriott, Badger, Al Kooper, Tim Buckley, Lonnie Mack, Procol Harum (1993-turneen) og Warren Zevon.

Ein kort periode danna Wallace The Teabags i Los Angeles med Peter Banks (tidlegare i Yes), Jackie Lomax (tidlegare Badger), David Mansfield, Kim Gardner (òg frå Badger) og Graham Bell.

I 2003 vart han med i 21st Century Schizoid Band, der han igjen erstatta King Crimson-trommis Michael Giles, og gav ut det einaste soloalbumet sitt, Happiness With Minimal Side Effects. I 2005 danna han Crimson Jazz Trio med Tim Landers på bass og Jody Nardone på piano, som gav ut King Crimson Songbook Volume One i november 2005 og King Crimson Songbook Volume Two tidleg i 2009.

Wallace fekk kreftdiagnose i 2006 og døydde 60 år gammal i 2007.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]