Ib Thomsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ib Thomsen

Ib Thomsen (fødd 6. oktober 1961) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Akershus fylke under stortingsvalet 2005 og valt på nytt i 2009. I periodane 1993-1997 og 2001-2005 var han vararepresentant.

Thomsen er utdanna frå BI og Forsvaret, og dreiv eige firma frå 1985 til 2005.

Han var medlem av Nittedal kommunestyre og formannskap 1987-2005. Han var styreleiar i Nittedal energiverk 1995-99 og områdesjef i HV 1999-2009.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]