Ibn-Sinâ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibn-Sinâ

Fødd980
Afshona
Død18. juni 1037
Hamadan
NasjonalitetSamanid Empire, Ziyarid, Buwayhid
Områdemedisin, aromaterapi, filosofi, logikk, Kalam, dikt, teologi, geofag, vitskapsteori, fysikk, psykologi, astronomi, kjemi, geologi, mekanikk
Yrkefilosof, lyrikar, astronom, lege, musikkteoretikar, fysikar, matematikar, kjemikar, etiker, faqih, skribent

Ibn-Sinâ (9801037), ofte latinisert til Avicenna, var ein framståande persisk filosof og medisinar frå Khorasan. Han hadde stor innverknad på vitskap og tankar i mellomalderen, både i den muslimske og den kristne verda. Ibn-Sina er særleg kjend for oppslagsverket Kitab al-shifa ('Lækje-boka') og l-Qanun fi al-tibb ('Medisin-kanonen'), eitt av dei fremste verka innan medisinsk historie.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ibn-Sina framstillt i eit handskrift frå 1271.

Ibn-Sina var fødd som Hussain ibn Abdullah ibn Hassan ibn Ali ibn Sina i Afshana nær Bukhara, der mor hans var frå. Faren kom frå Balkh i Samanideriket, no i Afghanistan, og var ein ein lærd ismaili. Den unge Ibn-Sina tok til seg kunnskap frå dei mange lærde som møttest i huset deira, og lærte også fleire persiske dikt og heile Koranen utanboks før han var 10. Ved hjelp av lærarar, bøker frå det kongelege samanidebiblioteket og sjølvstudium studerte og meistra han fag som logikk, metafysikk, juss og medisin i Bukhara, og var blitt ein respektert lege som tjueeinåring.

Deretter gjekk livet hans gjennom store omveltingar. Faren døydde, Samanideriket blei erobra av Mahmud av Ghazni, og Ibn-Sina byrja ein vandringsperiode. Han kom til fleire byar og livnærte seg ved evnene sine, men var plaga av pengemangel og sjukdom. Endeleg fekk han ei stilling som hofflege under Shams al-Dawlah i Hamadan. Her levde han eit travelt liv med offisielle plikter innan medisin og administrasjon, samstundes som han byrja skriva dei to store verka sine, diskuterte og heldt konsertar for elevar som kunne vara store delar av natta.

Då Shams al-Dawlah døydde i 1022 fekk Ibn-Sina problem ved hoffet, og sat ei tid i fengsel. Etter ei tid flykta han og eit mindre følgje til Isfahan, der han blei godt motteken av herskaren 'Ala' al-Dawlah og kunne fullføra dei fleste verka sine. Under eit felttog med herskaren blei Ibn-Sina sjølv sjuk, og døydde av utmatting og kolikk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Arabisk side av Al-Qanun fi al-tibb ('Den medisinske kanonen') frå 1400-talet.
Latinsk utgåve av Canon Medicinae frå 1484.

Kitab al-shifa' tek for seg logikk, naturvitskap og metafysikk, og er truleg det største verket av sin type skrive av ein enkelt. Her tolka Ibn-Sina mellom anna Aristoteles og nyplatonikarane. Den seinare Kitab al-najat ('Frelse-boka') er ei oppsummering av Kitab al-shifa'.

Al-Qanun fi al-tibb er den best kjende enkeltboka i austleg og vestleg medisin. Ho er eit systematisk oppslagsverk som bygger på gresk medisin i Romarriket, arabisk medisin og i noko grad hans eigne erfaringar.

Kitab al-isharat wa al-tanbihat ('Retningsliner og kommentar-boka') var det siste større filosofiske verket hans. Dette er den mest personlege av verka hans, og skildrar den andelege reisa til mystikar, frå tidleg tru til ein full visjon av Gud.

Ibn-Sina skreiv også nær 200 kortare verk, og var den første som skildra aristotelisk filosofi på persisk. Han etterlet seg eit ufullendt verk om arabisk, Lisan al-'Arab, skrive etter at han var blitt kritisert for å ikkje kunna språket godt nok og deretter hadde studert det i tre år.

Statue av Ibn Sina i Ankara.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ibn-Sina la grunnlag for ein muslimsk filosofi prega av mystisk teosofi, og fekk sterk innverknad på persisk og austleg islam.

Ibn-Sina sine verk påverkte også den kristne skolastikken i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ibn-Sinâ