Ibn Battuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibn Battuta

Verkeleg namn أبو عبد الله محمد ابن بطوطة Abū ‘Abdullāh Muḥammad Ibn Baṭṭūṭa
Fødd 24. februar 1304
Tanger
Død

ca. 1368 (64 år)
Byen Fez

Yrke oppdagar, geograf, skribent, kartograf, kadi, handelsmannn, reisande, faqih
Språk arabisk, persisk, tyrkisk
Religion Islam
Ektefelle first wife of Ibn Battuta
Ibn Battuta på Commons
Ibn Battuta i eit irakisk manuskript måla av Yahya ibn Mahmud al-Wasiti.

Abu Abdullah Muhammad Ibn Battuta (24. februar 1304–ca. 1377) var ein marokkansk reisande, rettslærd og forfattar. Skildringane hans av reiser gjennom Afrika og Asia mellom 1325 og 1354, gjev eit godt bilde av den muslimske verda på denne tida. Dei vidkjende reiseskildringane hans, kjend som Rihlah, skildrar reiser på over 120 000 km der han vitja nesten alle dei muslimske landa i verda, frå Vest-Afrika til Kina.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Tanger på 1600-talet.

Nesten alt me veit om livet til Ibn Battuta kjem frå reiseskildringane hans. Han blei fødd i Tanger under Marinidedynastiet, i ein familie av muslimske rettslærde. Ibn Battuta blei sjølv rettslærd, noko som saman med seinare studie hjå respekterte lærde gjorde det mogleg for han å få seg arbeid som kadi i store delar av den muslimske verda. Då han var 21 la han ut på ei hadj-reise til Mekka. Det skulle gå 24 år før han vende tilbake til heimlandet.

Reiser[endre | endre wikiteksten]

Til Mekka[endre | endre wikiteksten]

Reisa til Mekka gjekk over land og tok 16 månader. Ibn Battuta drog gjennom sultanata Abdalwadid og Hafsideriket. Han kom fram til Tunis, der han blei verande i to månader, og Sfax, der han inngjekk sitt første ekteskap. Tidleg på våren 1326 kom han fram til Alexandria. I Egypt, som under Bahri-dynastiet var trygt å ferdast i, tok Ibn Battuta om å reisa for reisa si skuld, og om aldri å reisa same veg to gonger. Han vitja Kairo og følgde Nilen sørover for å koma til hamnebyen Aydhab ved Raudehavet. Utanfor byen måtte han gjera vendereis på grunn av eit lokalt opprør. Han la ut på ei ny ferd som tok han til Damaskus, der han var over ramadan, og følgde så ein karavane til Medina på den arabiske halvøya. Herfrå var vegen til Mekka kort. Etter å ha utført hadj-rituala var Ibn Battuta ein hadji, og kunne venda heim. I staden valde han å reisa meir. Frå hamnebyen Jidda drog han sørover Raudehavet til Jemen, som han kryssa til lands, før han siglde vidare frå Aden. No vitja Ibn Battuta den aust-afrikanske kysten heilt sør til Kilwa (noverande Tanzania). På tilbaketuren vitja han sørlege Arabia, Oman, Hormuz og sørlege Persia, før han kom tilbake til Mekka i 1332 (eller 1330).

Kart over rika i Asia i 1345.
Ein tughra, signatur, frå sultan Muhammad bin Tughluq av Delhi, som tilsette Ibn Battuta.

Til India[endre | endre wikiteksten]

Deretter ønskte Ibn Battuta å søka teneste hjå sultanen av Delhi, Muhammad bin Tughluq. Han reiste til Anatolia, som var under seldsjukkstyre, for å finna ein karavane som skulle til India. Ei sjøreise med eit genovesisk skip tok han frå Damaskus til tyrkiske Alanya. Derfrå reiste han til Konya og vidare til Sinope ved svartehavskysten. Etter ei overferd til Kefe (no Feodosija) kom han med i karavanen til sjølvaste khan Öz-Beg. Han følgde denne til Astrakhan, før han blei med ein mindre karavane med ei av konene til khanen, som skulle til heimbyen Konstantinopel for å føda. Her møtte han den bysantinske keisaren Andronikos III Palaiologos og såg kyrkja Hagia Sophia frå utsida. Etter ein månad i byen vende Ibn Battuta tilbake til Astrakhan og drog derfrå til Bukhara og Samarkand før han kryssa Afghanistan og kom til India gjennom fjellpassa i Hindu Kush.

I Delhi fekk han teneste hjå sultanen, og veksla mellom å vera høgt trudd og under mistanke for svik. For å koma seg vekk frå den ustabile herskaren sa han at han ville dra på ei ny hadj-reise. Sultanen bad han i staden bli ambassadøren hans til Yuan-dynastiet i Kina, og Ibn Battuta nytta høvet dette gav han til å sjå nye land.

Til Kina[endre | endre wikiteksten]

Undervegs til kysten blei reisefølgjet til Ibn Battuta angripe av opprørske hinduar. Han kom bort frå følgjet, blei rana og mista nesten livet. Seinare klarte han likevel finna tilbake til følgjet og fortsette reisa til hamnebyen Khambhat i Gujarat og reiste derfrå til Kozhikode sør i India.

Ein dag medan Ibn Battuta vitja ein moské på land blei det uvêr. To av skipa i ekspedisjonen sokk, og det tredje siglde avgarde utan han. Det blei seinare teke i arrest av ein konge på Sumatra. Ibn Battuta blei verande i Sør-India under herskaren Jamal-ud-Din, ein sultan over eit lite, men mektig rike ved elva Sharavathi. Då sultanen blei kasta fann Ibn Battuta det nødvendig å forlata riket, og drog til Maldivane.

Øyane var nyleg blitt muslimske, og ønskte derfor sterkt å ha ein lovkunnig som Ibn Battuta der. Han blei verande på Maldivane i ni månader, lengre enn han hadde tenkt, halvt kidnappa og halvt muta med eit tittel og eit kongeleg giftarmål. Han blei innblanda i politikk og var mindre ønskt på grunn av strenge rettstolkingar, noko dei tidlegare buddhistiske innbyggjarane på øyane lika dårleg.

Teikning av ein kinesisk djunke frå 1300-talet.

Ibn Battuta drog deretter til Sri Lanka der han vitja fjellet Adam's Peak (Sri Pada). Derfrå la han ut mot Kina, men skipet hans gjekk nesten ned i ein storm, og deretter blei skipet som redda han angripa av sjørøvarar. Ibn Battuta enda opp i India igjen. Han kom seg tilbake til Kozhikode, reiste igjen til Maldivane, og fekk passasje med ein kinesisk djunke. På vegen vitja han Chittagong, Sumatra, Vietnam og Filippinane før han endeleg kom til Quanzhou i den kinesiske Fujian-provinsen. Deretter reiste han nord til Hangzhou, og skal ha kome så langt som til Beijing, sjølv om det ikkje er heilt visst om akkurat denne reisa fann stad.

Tilbaketur[endre | endre wikiteksten]

Ibn Battuta ønska nå å venda tilbake heimover. Han kom seg til Kozhikode, der han valde å halda seg unna Delhi-sultanen og i staden reiste om Hormuz og Il-khanatet.

Tilbake i Damaskus fekk han høyra at faren var død. Ibn Battuta opplevde også korleis ein ny pest, Svartedauden, spreidde seg og tok livet av folk. Han vitja Mekka på nytt og drog så til fødelandet, om Sardinia. Tilbake i Tanger fekk han vita at også mora var død nokre månader tidlegare.

Etter berre nokre dagar i heimbyen la Ibn Battuta igjen ut på reise, til Gibraltar i al-Andalus, som var truga av spanske Alfonso XI. Då det viste seg at trugsmålet var over fordi kongen var død av pesten, reiste Ibn Battuta i staden gjennom Valencia og vitja Granada.

Tilbake i Marokko var Ibn Battuta ei stund i Marrakech, som var blitt nær ein spøkelsesby etter pestherjingane og flyttinga av hovudstaden til Fez. Etter nok eit opphald i Tanger bestemte han seg for å vitja Vest-Afrika, eit ukjend område der dei muslimske herskarane skulle ha store rikdommar.

Til Timbuktu[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1351 la Ibn Battuta ut frå Fès til Sijilmasa, der han kjøpte kamelar. I februar 1352 la han ut med ein karavane og 25 dagar seinare kom han til busetjinga Taghaza ved nordgrensa til Saharaørkenen.

Ved hjelp av lokale vegvisarar la han deretter ut på den farefulle ferda gjennom ørkenen. Dette ugjestmilde området var heilt utan landemerke, og om vegvisaren gjekk seg vill kunne heile karavanen fortapa seg. Etter ei vanskeleg reise nådde Ibn Battuta oasen Oualata, det sørlege endepunktet for handelsrutene, som nettopp var blitt ein del av Maliriket. Ibn Battuta reiste no sørvestover langs Niger-elva (som han trudde var Nilen) til han kom til hovudstaden for riket, ein for oss ukjend by. Her blei han verande i åtte månader. Så la han ut til Timbuktu, framleis ein liten by som ikkje imponerte han, og deretter Gao.

Under eit opphald i oasebyen Takedda på veg heim blei Ibn Battuta tilkalla av sultanen av Marokko. Han la ut mot Sijilmasa i september 1353 med ein stor karavane som transporterte 600 slavekvinner. Tidleg i 1354 var Ibn Battuta tilbake i Marokko.

Grava til Ibn Battuta i Tanger.

På oppfordring frå sultan Abu Inan Faris dikterte Ibn Battuta eit verk om reisa si til Ibn Juzayy, som han kjende frå Grenada. Etter at verket blei fullført i 1355 veit me lite om resten av livet til Ibn Battuta. Han blei utnemnd til kadi i Marokko, der han døydde i 1368/9 eller 1377. Ibn Battuta er gravlagd i Tanger.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Manuskriptet med reiseskildringane til Ibn Battuta har tittelen 'Ei gåve til dei som tenkjer på underbare byar og fantastiske reiser',[1] men er best kjend som Rihla, 'Reiser'.[2]

Ibn Juzayy skreiv ned det Ibn Battuta fortalde frå minnet, men ornamenterte dei enkle utsegnene slik at dei blei meir «litterære», og la til eigne kommentarar og passasjar frå eldre verk. Dermed er det ikkje sikkert at Ibn Battuta reiste alle stadene som er nemnd i verket. Likevel er det utan tvil at han dekte store delar av den kjende verda. Av muslimske land på den tida er det berre sentrale Persia, Georgia og Armenia som ikkje er nemnd.

I verket oppgjev Ibn Battuta over 2000 namn som han anten møtte sjølv eller som han vitja gravstaden til. Han møtte minst 60 herskarar og fleire andre myndigheitspersonar. Det er få feil i forteljinga når det gjeld namn og datoar om ein samanliknar henne med andre kjelder.

Rihlah er ein god primærkjelde til religiøse, sosiale og kulturelle høve i samtida til Ibn Battuta. Ho tek også med munnleg historie frå tidlegare tider. Han fortel om nyleg islamiserte samfunn som framleis held på eldre skikkar—mellom anna var han sjokkert over at kvinner på Maldivane og i Vest-Afrika ikkje dekte til brysta sine. Han fortalde og om tilpassinga av islam til den indiske hinduismen.

Ein får også inntrykk av Ibn Battuta sjølv som ein ortodoks muslim som både var tiltrekt av juridisk formalisme og ein friare mystisisme. Han gav mellom anna ei djuptgåande skildring av den mystiske sufismen, som han meinte hadde ei stor rolle i spreiinga av islam.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Lenge var Ibn Battuta og reisene hans lite kjend, også i den muslimske verda. Tidleg på 1800-talet blei delar av forkorta skildringar gjeve ut på tysk og engelsk. Då franske styrkar okkuperte Algerie i 1830-åra fann dei fem manuskript der to av dei var lengre og meir komplette. Desse blei frakta til Bibliothèque Nationale i Paris der Charles Defrémery og Beniamino Sanguinetti studerte dei og frå 1853 gav ut ein serie på fire bind med den arabiske teksten, fotnotar og ei fransk omsetjing. Sidan dette har Ibn Battuta blitt vidkjend.

Ibn Battuta har gjeve namn til eit månekrater som ligg i Mare Fecunditatis. Eit stort kjøpesenter i Dubai, Ibn Battuta Mall, er kalla opp etter han. Senteret har utstillingar om Ibn Battuta, og er dekorert med utgangspunkt i reisene hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • John L. Esposito, red. (2003), «Ibn Battutah, Abu Abd Allah al-Lawati al-Tanji», Oxford Dictionary of Islam, Oxford University Press 
  • «Ibn Battutah», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2010 
  • Delar av denne artikkelen bygger på «Ibn Battuta» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2010.
Fotnotar
  1. ar. تحفة النظار في غرائب الأمصار وعجائب الأسفار
  2. ar. الرحلة