Icel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Icel eller Icil er namnet på den første kongen av Mercia, etter soga skriven av Guthlac den heilage. Han er rekna som oldefar til kong Creoda, og son av ein Éomer, siste kongen over anglarane. Icel førde folket sitt over Nordsjøen til Britannia, der han grunnla kongedømet Mercia. Ætta etter han vart kalla Iclingas eller iclingane. Icel var far til Cnebba.

Datering[endre | endre wikiteksten]

Icel skal ha vore verksam i tida mellom 510 og 535, noko som høver med årstalet som er gjeve i boka Flores Historiarum, som skriv om ei hending i 527: Heidningar kom frå Germania og tok land i austre Anglia. Nokre av desse hertok Mercia og heldt mange slag med britane. Ein meiner at året her kan vera 515.

515 er og det året tradisjonen fortel at kong Arthur skal ha falle i slaget ved Badon.