Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen
BWV 145
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1729
Første framføring 19. april 1729
Publiseringsdato 1884
Typisk lengd 08:48
Satsar 7

Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen, BWV 145, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for tredje påske, som dette året var den 19. april.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander). Bach har sjølv truleg lagt til første og andre sats.

Koraltemaet er basert på salmen «Erschienen ist der herrlich Tag», som vart nytta av Martin Luther og andre på 1500-talet. Han har kanskje opphav som ein gregoriansk song for påske.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for trompet, tverrfløyte, to oboar d’amore, to fiolinar og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Auf, mein Herz, des Herren Tag», Koral
  2. «So du mit deinem Munde bekennest Jesum», Koral
  3. «Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen», Arie for sopran & tenor
  4. «Nun fordre, Moses, wie du willt», Resitativ for tenor
  5. «Merke, mein Herze, beständig nur dies», Arie for bass
  6. «Mein Jesus lebt», Resitativ for sopran
  7. «Drum wir auch billig fröhlich sein», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]