Dvergmallefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ictaluridae)
Dvergmallefamilien
Ictalurus punctatus. Merk skjeggtrådane.
Ictalurus punctatus. Merk skjeggtrådane.
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Mallefisk Siluriformes
Familie: Dvergmallefamilien Ictaluridae
Gill, 1861

Dvergmallefamilien (Ictaluridae) er ein familie nord-amerikanske mallefisk som lever i ferskvatn frå Canada til Guatemala. Fleire av artane er òg sett ut i andre delar av verda, mellom dei dvergmallen ein finn i Drengsrudvannet i Asker.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Fiskane i dvergmallefamilien har tjukke, spoleforma kroppar og manglar både skjel og beinplater i huda. Dei har 8 skjeggtråder rundt munnen, fire på kvar side av munnen. Første finnestråle i ryggfinnen og brystfinnen er sagtanna og kraftige, hjå ein del artar sit det òg ei giftkjertel ved basis på dei. Dette gjeld ikkje arten me finn i Noreg. Hjå alle artane i familien vaktar dessutan foreldrefisken rogna si til ho er klekt.

Dei største artane vert 1,6 meter lange på det lengste, men dvergmallane her til lands vert ikkje meir enn vel 34 cm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • L'Abée-Lund, Jan Henning: «Mallefisker» i Norges dyr - Fiskene 1
  • FishBase