Ida Børresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ida Børresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1950 (73 år)
Oslo
Yrke embetsmann
Verv Direktør i Stortingets administrasjon
Periode 2012-2018
Føregangar Hans Brattestå
Etterfylgjar Marianne Andreassen
Verv Direktør i Utlendingdirektoratet
Periode 2006-2012
Føregangar Manuela Ramin-Osmundsen
Etterfylgjar Frode Forfang
Mor Ba Børresen

Ida Børresen (fødd 26. september 1950) er ein norsk embestmann som har vore direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) og for Stortinget.

Børresen var direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI). Børresen fungerte i stillinga frå april 2006. Ho kom frå stillinga som assisterande departementsråd i Kunnskapsdepartementet. 9. februar 2012 vart ho tilsett som direktør i administrasjonen til Stortinget.[1] Bk tiltredde den2. mai same året, før ho den 15. februar 2018 trekte seg etter budsjettsprekken i samband med ombygginga på Stortinget.[2] Ida Børresen er cand.polit. frå Universitetet i Oslo i 1983. Frå 1987 til 1990 var ho byråsjef i Justisdepartementet, og arbeidde deretter som seniorkonsulent/partnar i Stradec AS fram til 1998, då ho vart ekspedisjonssjef i Utdannings- og forskningsdepartementet. I 2004 var ho fungerande departementsråd og frå 2005 assisterande departementsråd i Utdannings- og forskningsdepartementet.

Ho er styreleiar i Oslo-Filharmonien og er medlem av Nationaltheatret sitt styre. Ho er også medlem av styret til Oslo Konserthus og Kunsthøgskolen i Oslo.[3]

Ida Børresen, som er dotter av Ba Børresen, er mor til forleggaren Erik Lundesgaard.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]