Iddefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Iddefjorden (svensk Idefjorden) er ein grensefjord mellom Noreg og Sverige. Fjorden strekkjer seg frå Halden i nord og 16 km sørover til herregarden Berby. Ved Halden går han over i Ringdalsfjorden.

Ringdalsfjorden og Iddefjorden utgjer eigentleg berre ein enkelt fjord med ei samla lengd på om lag 25 km. Denne fjorden er igjen ein arm til Singlefjorden, som igjen er ein del av Ytre Oslofjord. Fjorden heiter Ringdalsfjorden inn til Halden, der han skifter namn til Iddefjorden. Årsaka til at namnet på fjorden er todelt er truleg at det er haldensarane som har gjeve fjorden namn, og sett frå Halden kan ein snakke om to fjordar, ein utover mot sjøen (Ringdalsfjorden), og ein innover i landet (Iddefjorden). Dette er gjenspegla i til dømes det svenske språket, der heile fjorden heiter Idefjorden.

Elvane Tista og lakseelva Enningdalselva munnar ut i Iddefjorden. I tillegg til ein del mindre holmar og skjer, så finn ein to større øyar i fjorden, Sauøya med Norske Skogs utskipingshamn, og Brattøya som er naturreservat. Lenger opp i fjorden ligg Skriverøya, ei halvøy med kulturminner frå jernalderen, den store nordiske krigen og steinhoggarane sine glansdagar.

Iddefjorden har gjennom mange år vorte sterkt forureina av utslepp frå Saugbrugsforeningen (Norske Skog) i Halden. Fjorden var i 1970-åra biologisk død. Effektive reinsetiltak vart først sett i gang i 1980-åra, og livet har sidan vendt tilbake.